5. Skattlegging av gjenlevende samboer i uskifte

5.1 Sammendrag

Ved lov 19. desember 2008 nr. 112 fekk arvelova (lov 3. mars 1972 om arv mm.) eit nytt kapittel III A om rett til arv og uskifte på grunnlag av sambuarskap. Etter § 28 c i arvelova kan såleis sambuar som har, har hatt eller ventar barn med den avdøde, ta over uskift mellom anna felles bustad, innbu, bil og fritidseigedom som den avdøde eigde.

For andre eigedelar etter avdøde, til dømes bankinnskot, aksjar og næringseigedom, gjeld sambuaren sin rett til uskift overtaking berre dersom det er bestemt i testament, eller dei andre arvingane samtykkjer. Attlevande sin eigen formue, også erverv etter dødsfallet, går berre inn i det uskifte buet så langt den høyrer naturleg saman med dei eigedelane frå avdøde som dette buet inneheld, jf. arvelova § 28 siste ledd.

Skattelova § 2-15 andre ledd regulerar skattleggjing av attlevande ektefelle i uskifte. Av denne regelen følgjer at skattelova § 2-10 om likning av ektefellar under eitt, § 2-11 om særskilt likning av ektefellars inntekt, og § 2-13 om fordeling av skatt mellom ektefellar, skal gjelde også i dødsfallsåret når attlevande ektefelle tek buet over uskift. Etter dødsfallsåret skattleggjast attlevande ektefelle for buets formue og inntekt.

Skattereglane om ektefellar gjeld etter skatteloven § 2-16 også for visse sambuarar som har meldeplikt etter folketrygdlova, men ikkje generelt for sambuarar.

Etter departementets vurdering bør attlevande sambuar som tek over buet uskift, handsamast likt skattemessig med attlevande ektefelle som tek over buet uskift. Dette inneber at skattelova § 2-15 andre ledd må endras, slik at den også gjeld for attlevande sambuarar. Også i § 15-4 femte ledd om personfrådrag bør det presiserast at attlevande sambuar skal handsamast likt med attlevande ektefelle. Departementet viser til forslag om endringar i skattelova §§ 2-15 andre ledd og 15-4 femte ledd.

Ein attlevande sambuars overtaking av bu uskift skjer på grunnlag av skifteattest frå tingretten, jf. arvelova § 28 g. Retten legg da til grunn arvelova sin definisjon av sambuar. Likningsmaktene kan utan vidare byggje på dette, utan omsyn til mogleg avvikande definisjonar av sambuarstatus i andre delar av skatteregelverket.

For formueslikninga blir den praktiske verknaden av forslaget at attlevande sambuar blir likna for heile det uskifte buet, saman med evt. eigen formue som fell utanfor buet. Berre for dødsfallsåret får attlevande dobbelt formuesfrådrag på grunn av felleslikninga med avdøde. Eventuell formue etter avdøde som fell utanfor det uskifte buet, blir eit særskild dødsbu som liknast etter dei generelle reglane for slike, so lenge buet står under offentleg eller privat skifte.

Ved inntektslikninga må avdøde sine inntekter i dødsfallsåret i tilfelle fordelast etter si nærare tilknyting. Avkastning tilknytta eigedelane i særskild dødsbu utanfor det uskifte buet, liknast på det særskilde dødsbuet si hand. Avkastning som er tilknytta avdødes del av eigedelane i det uskifte buet og gjeld tida før dødsfallet, kan liknast særskild på avdøde si hand. Det same gjelder avdøde sine arbeids- og pensjonsinntekter mv. Anna inntekt, mellom anna avkastning etter dødsfallet av eigedelane i det uskifte buet, liknast hos attlevande sambuar. Dersom felleslikning av inntekta til avdøde og attlevande gir lågare samla skatt enn særskild likning, vil felleslikning i klasse 2 bli resultatet.

For åra etter dødsfallsåret blir attlevande sambuar likna for all inntekt, unnteke avkastninga i eit eventuelt særskild dødsbu utanfor det uskifte buet. Slik er og reglane for attlevande ektefelle.

Forslaget omfattar og dei tilfelle der sambuarane før dødsfallet blei likna likt med ektefellar. Felleslikning av formue har da vore etablert frå før, og dei nye reglane om felleslikning ved buovertaking uskift vil i mindre grad bety endring av likningsmåten.

Forslaget vil ikkje ha monalege administrative eller økonomiske verknader.

Departementet foreslår at endringa trer i kraft med verknad frå og med inntektsåret 2009.

5.2 Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til regjeringens forslag.