1. Samandrag

     Forslagsstillarane meiner nåverande lovgjeving inneber at overtaking av eigarposisjonar i eit selskap - med store fylgjer for sysselsettinga - kan gjerast utan nokon samfunnsmessig påverknad eller kontroll av oppkjøparane, av di meldeplikta for erverv av eigardelar er sett så høgt som til meir enn ein tredjedel av samtlege eigardelar eller av røysteføre eigardelar.

       Forslagsstillarane viser til at det i finansnæringa er strengare reglar. Her kan ikkje nokon einskildeigar ha meir enn 10 % av aksjekapitalen utan at det er gitt løyve gjennom konsesjonshandsaming.

       Det vises til at Regjeringa i tilknyting til arbeidet med EØS-tingingane nedsette eit eige statssekretærutval for å vurdere norsk konsesjonslovgjeving i lys av EØS-avtalen.

       Utvalet gjorde framlegg om å setja terskelen for konsesjonshandsaming langt lågare enn det Regjeringa kom fram til. Utvalet gjorde framlegg om ei grense på 20 % i staden for Regjeringa sitt endelege framlegg - som òg vart vedteke i Stortinget - om ein tredjedel.

       På denne bakgrunnen vert det fremja fylgjande forslag:

«1. Stortinget ber Regjeringen fremme forslag om endring i § 4 i lov om erverv av næringsvirksomhet slik at erverv skal meldes og underlegges konsesjonsbehandling dersom erververen blir innehaver av mer enn en femtedel av samtlige eierandeler eller av stemmeberettigede eierandeler.
2. Stortinget ber Regjeringen vurdere behovet for, og fremme forslag om, å gå tilbake til full konsesjonsbehandling for store selskaper med mange sysselsatte eller spesiell samfunnsmessig betydning.
3. Stortinget ber Regjeringen vurdere behovet for, og fremme forslag om, å styrke erververens informasjonsplikt overfor de ansatte, kommuner og fylkeskommuner der selskapet ligger, i lov om erverv av næringsvirksomhet.»