2. Bakgrunnen for forslaget

      Bastø Fosen AS, som er eit dotterselskap av Fosen Trafikklag A/S (FTL) starta drift av sambandet Moss-Horten den 1. januar i år. Ferjesambandet Moss-Horten er eit av dei sterkast trafikkerte her i landet, og eit bindeledd mellom E6 i Østfold og E18 i Vestfold.

       Fordi det har oppstått problem for passasjerar og brukarar av ferjesambandet Moss- Horten, vert det reist spørsmål om utøvinga av konsesjonstildelinga og konsesjonæren si handheving av trafikkavviklinga er i samsvar med den trafikkavvikling som er nødvendig. Ikkje minst yrkestransport har blitt påført betydelege meirkostnader, og det har oppstått ein konfliktsituasjon i høve til kjøre- og kviletidsbestemmelsane pga tidkrevjande omkjøringar.

       Forslagsstillarane er samde med departementet i at tilbudsløysingar er til fordel for brukarane. Men slik denne saka har utvikla seg, kan heile tilbudsordninga kome i vanry.