Innstilling fra forsvarskomiteen om lov om endringer i lov 17. juli 1953 nr. 28 om Heimevernet og lov 17. juli 1953 nr. 29 om verneplikt (heving av aldersgrenser for militær teneste)

Til Odelstinget

1. Hovudinnhald i proposisjonen

Forsvarsdepartementet legg fram forslag til lov om endringar av heimevernslova og vernepliktslova. Endringane inneber eit absolutt lovforbod mot tvungen rekruttering av barn under 18 år til alle former for teneste i Forsvaret i fredstid, under beredskap og i krigstid. Vidare føreslår departementet eit lovforbod mot frivillig rekruttering til opplæring og deltaking i stridsrelatert verksemd, dvs. til verksemd som er knytt til det å føre militær strid. Ein foreslår òg at frivillig personell under 18 år straks skal fritakast for teneste dersom riket er i krig eller krig truar, eller Forsvaret eller nokon del av det er beordra sett på krigsfot.

Departementet meiner at lovendringane bør gjerast uansett, uavhengig av det internasjonale arbeidet i FN-regi. Grunnen er at heimevernslova og vernepliktslova i krig gjev Forsvaret heimlar til å rekruttere barn ved tvang heilt ned i 16-års alderen, heimlar som det ikkje lenger er aktuelt å bruke.

Lovframlegget tek ikkje sikte på fullt ut å blokkere for at personar som ynskjer dette, kan gjere teneste i, eller på annan måte ha ei formalisert tilknyting til Forsvaret før dei har fylt 18 år. Framlegget tek likevel sikte på å hindre at personar under 18 år vert øvd i stridsrelaterte greiner (dvs. greiner som direkte er relaterte til kamphandlingar) eller at dei får høve til å delta i stridsrelatert verksemd, både i fred, krise og krig. Slik vil ein sikre at barn i tilfelle væpna konflikt ikkje vil bli utsett for direkte strid som følgje av teneste i, eller med anna tilknyting til, Forsvaret. Ingen personar under 18 år vil etter framlegget vere å rekne som medlemmer av landets væpna styrkar.

Forslaga vil ikkje få administrative eller økonomiske konsekvensar. Dei vil heller ikkje få konsekvensar for beredskapssituasjonen.

2. Bakgrunnen for lovframlegget

Arbeidet for å hindre bruk av barnesoldatar har lenge stått på den internasjonale dagsorden, men problemstillinga har vorte endå meir fokusert på dei siste par åra. Problemet med å rekruttere barn til ulike former for væpna styrkar, til dømes til ikkje-statlege opprørsgrupper, er omfattande og stigande. Dette gjeld i den seinare tida ikkje minst interne konfliktar, særleg i den «tredje verda» (i DR. Kongo, Liberia, Rwanda, Sierra Leone, Sri Lanka, etc.), der barn har delteke som meir eller mindre regulære soldatar. I følgje ein rapport frå Redd Barna frå 1996 deltek ein kvart million mindreårige - nokon av dei berre sju år gamle - i krigshandlingar kvart år (i 1995 i 33 konfliktar i 26 land). I følgje ein nyare rapport frå Amnesty International frå 1998, Children In The Firing Line, er i dag minst 300 000 barn over heile verda aktive som soldatar i krig. Ein del av desse barna er meir eller mindre frivillig vorte soldatar, ein del andre er blitt rekruttert gjennom tvang. Omfanget og auken i talet barnesoldatar vert stadfesta i Redd Barnas rapport frå 1998, «Barn - de usynlige soldater».

FN sin barnekonvensjon av 20. november 1989 artikkel 38, tilleggsprotokoll I til Genèvekonvensjonane av 1949 (gjeldande i internasjonale væpna konfliktar), artikkel 77 og tilleggsprotokoll II til Genèvekonvensjonane av 1949 (gjeldande i ikkje-internasjonale væpna konfliktar) artikkel 4 nr. 3 (d), omhandlar spørsmålet om forbod mot rekruttering til og bruk av barn i væpna styrkar. Etter tilleggsprotokoll I til Genèvekonvensjonane, artikkel 77, skal partane i ein væpna konflikt mellom anna treffe eitkvart mogleg tiltak for å hindre at barn som ikkje har fylt 15 år deltek direkte i strid, og særleg skal dei avstå frå å rekruttere slike barn til sine væpna styrkar. Den same forpliktinga går fram av Barnekonvensjonen artikkel 38 nr. 2 og 3. Ein del statar ga einsidige erklæringar då dei ratifiserte Barnekonvensjonen om at dei ikkje vil rekruttere barn under 18 år til deira væpna styrkar. Noreg har ikkje avgitt en slik erklæring.

Etter gjeldande folkerett skal statane vidare, ved rekruttering av personar mellom 15 og 18 år, sikre at dei eldste vert prioriterte ved inntak, jf. Barnekonvensjonen artikkel 38 nr. 3 og tilleggsprotokoll I til Genèvekonvensjonane artikkel 77 nr. 2.

For interne konfliktar si vedkomande (ikkje-internasjonale væpna konfliktar), gjeld tilleggsprotokoll II til Genèvekonvensjonane. Artikkel 4 nr. 3 bokstav c i konvensjonen lyder: «Barn skal gis den omsorg og hjelp som de behøver, og i særdeleshet skal barn som ikke har fylt femten år, ikke rekrutteres til de væpnede styrker og heller ikke tillates å ta del i fiendtligheter». For ikkje-internasjonale væpna konfliktar er det ikkje nokon motsvarande regel om at dei eldste blant 15-18-åringane skal prioriterast ved uttak, men ein meiner at Barnekonvensjonen artikkel 38 også vil gjelde i interne konfliktar som har ein slik intensitet eller er av ein slik karakter at tilleggsprotokoll II til Genèvekonvensjonane gjeld.

Medan det i internasjonale væpna konfliktar gjeld ein regel om at partane berre skal hindre at barn som ikkje har fylt 15 år deltek direkte i strid, gjeld det i interne konfliktar ein regel om at ein ikkje skal tillate barn å delta i strid, uten at ein gjer nokon skilnad på direkte og indirekte deltaking. Etter ordlyden i konvensjonsreglane har ein difor, sannsynlegvis utilsikta, kome i den situasjonen at barn i dette høve er betre verna i interne konfliktar enn i internasjonale konfliktar.

Det er eit ønskje om å styrke barns rettar i væpna konfliktar og stanse vervinga av barn til soldatar. Fleire statar og internasjonale organisasjonar meiner mellom anna at den absolutte aldersgrensa på 15 år etter gjeldande folkerett er sett for lågt og difor bør hevast til 18 år.

Ei internasjonal arbeidsgruppe leidd av Sverige under FN sin menneskerettskommisjon har på bakgrunn av dette arbeidd for å kome fram til ein tilleggsprotokoll til Barnekonvensjonen om barns rettar i væpna konfliktar (Optional Protocol to the Convention on the Rights of the Child on Involvement of Children in Armed Conflicts). Heving av aldersgrensa har stått sentralt i dette arbeidet. Noreg har vore representert i arbeidsgruppa ved Utanriksdepartementet. Sidan 1994 har arbeidsgruppa hatt seks sesjonar i arbeidet med å forhandle fram denne tilleggsprotokollen. Arbeidet var prega av at fleire land har store problem med ei 18-års grense, og det var difor vanskeleg å kome fram til eit kompromiss. Dette skuldast ikkje berre problem og uvilje frå land der problemet med barnesoldatar er stort, men også problem for vestlege land på grunn av nasjonale lovverk og praksis kring aldersgrenser for rekruttering til dei væpna styrkane. Dette gjeld sjølv om vestlege lands bruk av 17 år gamle rekruttar generelt har ein heilt annan karakter enn dei overgrepa som barnesoldatar i konfliktar i den tredje verda vert utsett for. USA og Storbritannia mellom andre har gitt uttrykk for sterk skepsis til ei rein 18-års grense, av di dette vil kunne skape problem for rekruttering av personell til deira væpna styrkar.

Den 17.  juni 1999 vart det etter internasjonale forhandlingar i Genève vedteke ein ILO-konvensjon om forbod mot og umiddelbare tiltak for å avskaffe dei verste formene for barnearbeid (Convention concerning the Prohibition and Immediate Action for the Elimination of the Worst Forms of Child Labour). Spørsmålet om barnesoldatar sto sentralt under forhandlingane. Det var eit fleirtal for at barnesoldatar skulle verte omfatta av konvensjonen, men det var ulike syn på om det burde vere eit totalforbod, eller om ein skulle opne for frivillig rekruttering av barn under 18 år til deltaking i væpna konfliktar. Noreg var her mellom dei landa som ønska eit totalforbod. Mange utviklingsland, samt arbeidstakargruppa, ønskte det same. Fleire vestlege land som baserer seg på verving av barn under 18 år til dei væpna styrkane stilte seg likevel kritiske til eit totalforbod. I løpet av forhandlingane om ei «pakkeløysing» modifiserte fleire av landa samt arbeidstakargruppa sine synspunkt. Noreg, saman med fleire andre land, arbeidde aktivt for å få så strenge restriksjonar som råd i dette spørsmålet. For ikkje å stå i vegen for å vedta konvensjonen ved konsensus, aksepterte Noreg likevel det kompromisset som vart forhandla fram (artikkel 3 bokstav a), som mellom anna seier at tvungen eller obligatorisk rekruttering av barn under 18 år for bruk i væpna konflikt («forced or compulsory recruitment of children for use in armed conflict») skal reknast som ein av dei verste former for barnearbeid. Regelen vart av mange land sett som eit første steg på vegen mot eit sterkare internasjonalt regelverk på dette området. Det vart samstundes oppmoda til å føre vidare arbeidet og diskusjonen i FN sine forhandlingar om ein tilleggsprotokoll til Barnekonvensjonen.

3. Om høyringa

Forsvarsdepartementet sendte 30. august 1999 lovutkastet på høyring til ei rekkje instansar, med høyringsfrist til 1. desember 1999. Instansane vert gjengjeve på sidane 5 og 6 i proposisjonen.

4. Reglane i heimevernslova og vernepliktslova

Både heimevernslova og vernepliktslova, med utfyllande føresegner, opnar for å rekruttere personar i aldersgruppa 16-18 år til Forsvaret under visse føresetnader.

Menn og kvinner kan takast inn som frivillige i Heimevernet dersom dei har fylt 16 år, jf. heimevernslova § 5 første ledd første punktum. I ei føresegn til lova (kgl. res. 30. april 1999 nr. 431) er det mellom anna fastsett at frivillige kan takast inn som HV-ungdomar frå den dagen dei fyller 17 år, og som aspirantar frå den dagen dei fyller 16 år.

Vernepliktslova § 3 fastset den generelle aldersgrensa for verneplikt til 1. januar i det året ein mann fyller 19 år. I § 4 er det likevel fastsett at dersom riket er i krig eller krig truar, kan Kongen bestemme at verneplikta skal starte i utskrivingsåret, det vil seie det året vedkomande fyller 18 år, jf. § 20 første ledd. Dette inneber at det i prinsippet er mogleg med tvungen rekruttering av 17-åringar. Det same går fram av § 5 om oppsetting av krigsforsterking. I krigsforsterkinga er ein kvar mann som er dugeleg til teneste og som ikkje tilhøyrar det faste oppbod, pliktig til teneste frå og med det året han fyller 18.

Nokre 16-åringar kan etter lovgivinga rekrutterast etter samtykke frå den einskilde. Den som enno ikkje har vorte pliktig til utskriving, kan såleis etter nærare reglar gjevne av Kongen likevel få tillating til utskriving, likevel ikkje tidlegare enn frå 1. januar i det år han fyller 17, jf. vernepliktslova § 20 anna ledd. Kongen treffer nærare reglar om frå kva for tidspunkt verneplikta trer inn for personar som etter eiga ønskje vert skrivne ut under omsyn til § 20 andre ledd (sjå § 4 andre ledd). I ei føresegn til vernepliktslova (kgl. res. 22. november 1991 nr. 855) er det fastsett at menn under vernepliktig alder, som etter søknad får innvilga framskoten teneste, vert vernepliktige frå og med fordelinga, men tidlegast frå 1. januar det år dei fyller 18. Av dei om lag 17 000 soldatane som årleg vert tekne inn i Forsvaret som ordinære vernepliktige, er gjennomsnittleg færre enn 100 av desse personar som ennå ikkje har fylt 18 år når tenesta startar. Mellom anna finn ein ombord på nokre av Sjøforsvaret sine fartøy lærlingar under 18 år som har inngått kontrakt med Forsvaret.

Menn som vert tekne inn som frivillige i militære stillingar eller som elevar ved militære skular før den ordinære alderen for verneplikt, er vernepliktige frå og med det tidspunkt dei vert tekne inn, jf. vernepliktslova § 4 tredje ledd. I føresegna til lova er det bestemt at menn under vernepliktig alder som søkjer opptak ved militære skular, vert vernepliktige frå og med opptaket, likevel tidlegast frå 1. januar det år dei fyller 17.

Reglane i heimevernslova og vernepliktslova opnar med andre ord for at Noreg, i tillegg til å rekruttere barn, også kan utskrive barn til aktiv krigsteneste. Ein ting er rett nok dei formelle heimlane, ei anna sak er den praksis og den haldning Forsvaret har når dei skal velje ut personell. Haldninga, som også er nedfelt i Forsvaret sitt planverk, er at desse heimlane ikkje er førebudde, eller vil bli nytta med sikte på rekruttering av personar under 18 år, sjølv ikkje ved ei eventuell mobilisering. Det er likevel etter departementet sitt syn uheldig at det ligg føre eit slikt misforhold mellom dei formelle heimlane og gjeldande praksis og planverk.

5. Regelverket for deltaking i internasjonale fredsoperasjonar

Når det gjeld deltaking i internasjonale fredsoperasjonar, viser departementet til føresegn om tenestegjering i internasjonale fredsoperasjonar (kgl. res. 11. september 1998 nr. 870), som er fastsett med heimel i lov 23. februar 1996 nr. 9 om tenestegjering i internasjonale fredsoperasjonar. Lova med føresegner trådde i kraft 1. januar 1999. Føresegna sin § 4 første ledd bestemmer at personellet skal vere fylt 18 år og bør vere fylt 19 år ved tidspunktet for utsending.

Departementet vil samtidig understreke at denne føresegna gjev uttrykk for minimumsreglar, og at den norske haldninga ved utsending til FN-operasjonar er i samsvar med den haldninga som generalsekretæren i FN har teke til orde for, nemleg at dei som gjer teneste bør ha fylt 21 år ved deltaking i slike operasjonar, og at militære observatørar ikkje bør vere under 25 år.

6. Særleg om heimevernsungdomen

Eit forbod mot tvungen rekruttering av personar under 18 år vil ikkje vere nok til å hindre andre former for rekruttering av barn til dei væpna styrkane. Det har difor vore drøfta internasjonalt om ikkje eit forbod bør gjelde alle former for rekruttering til militærteneste - både tvungen og frivillig rekruttering, sjå pkt. 2 ovanfor, og etter den nye tilleggsprotokollen til Barnekonvensjonen skal partane gje ei bindande erklæring om kva for aldersgrense (16, 17 eller 18 år) dei vil forhalde seg til. I tråd med Noregs haldningar under det internasjonale arbeidet, er det truleg at Noreg vil forplikte seg til å ha eit forbod mot frivillig rekruttering av personar under 18 år. Dette kan i prinsippet tenkjast å skape eit særproblem i forhold til heimevernsungdomen (HV-ungdomen) her til lands.

Gjennom handsaminga av Ot.prp. nr. 9 (1986-1987) og Innst. S. nr. 21 (1986-1987) slutta Stortinget seg til ei ordning der ungdom mellom fylte 16 år og fylte 17 år kan takast inn som aspirantar til HV-ungdomen.

Heimevernet er ein del av det militære forsvaret, jf. heimevernslova § 1, og ein driv her såleis med øving og utdanning i militære disiplinar. Aspirantar får opplæring på finkalibra våpen (kaliber .22), medan eldre HV-ungdom får opplæring på modifisert AG-3 (våpenet kan berre skyte enkeltskot).

Frå internasjonale fora kjenner ein at det kan være problematisk å forklare dei positive sidene og særtrekka ved den norske ordninga. Etter føresegn 30. april 1999 nr. 431 til lov om Heimevernet, skal ikkje HV-ungdom, mellom desse HV-aspirantar, mobiliseringsdisponerast eller gjevast oppdrag av nokon art ved mobilisering. Dei er ikkje innrullerte som vernepliktige, og dei skal ikkje ha nokon operativ rolle eller andre oppgåver i beredskap, krise eller krig.

HV-aspirantar, dvs. ungdom under 17 år, skal ikkje drive nokon form for stridsrelatert verksemd, det vil seie verksemd som opplæring i militære strids- og våpenteknikkar, deltaking i felttenesteøvingar der stridselementet er ein vesentleg del og liknande operativ verksemd. Sjå elles pkt. 9 under merknadene til heimevernslova § 6. Det er ikkje heller mogleg å kvittere ut våpen eller ammunisjon til HV-ungdom.

Det dreier seg kort sagt om ungdom som driv frilufts- og fritidsaktivitetar av sportsleg art med militære innslag. HV-ungdomsarbeidet skal tene så vel ungdomen som Forsvaret og det sivile samfunnet sine interesser. Føremålet med verksemda er å lære ungdomen verdien av orden, ansvarskjensle, plikttruskap og godt kameratskap gjennom dugande og ansvarsmedviten leiing. Målet er òg å aktivisere dei gjennom opplæring, øvingar, konkurransar og samlingar, og å gje dei ei orientering om Forsvaret og Forsvaret sin plass i samfunnet.

Ein fører streng kontroll med personell som vert tekne inn i Heimevernet, også aspirantar. Alle som vert tekne inn til teneste, er vurderte av ei kommunal HV-nemnd med mellom anna representasjon frå den lokale politimakta. HV-aspirantar får ikkje utlevert vanleg militær uniform.

Med bakgrunn i den såkalla Hadelandssaka og ein del tjuveri av våpen frå Heimevernet sine lagre, vart det i 1981 fremja forslag i Stortinget om å endre aldersgrensa for rekruttering til Heimevernet. Framlegget førte likevel ikkje fram. Det er også grunn til å understreke at Hadelandssaka i svært liten grad kunne knytast til ungdomsverksemda i Heimevernet. Som nemnd ovanfor slutta Stortinget seg til dei noverande aldersgrensene i 1987. Ein la då mellom anna vekt på at ein kunne rekruttere ungdomane rett etter avslutta grunnskule. Spørsmålet om å hevje aldersgrensa vart seinast teke opp i spørjetimen i Stortinget 21. februar 1996, etter ei ulukke med ein øvingsgranat i Kvinesdal, der det vart påstått at HV-ungdomar var involverte.

Eit framlegg om å endre aldersgrensa for opptak til ungdomsheimevernet vil truleg møte sterk og kjenslelada motstand. Spørsmålet må også vurderast i lys av røynslene frå Den andre verdskrigen, som la grunnlaget for Heimevernet samt den norske tradisjonen med frivillige skyttarlag, jakt og sportsleg bruk av våpen. Heimevernet har med andre ord ei brei folkeleg støtte. Dette er også reflektert i samansettinga av Landsrådet for Heimevernet.

7. Forslag om å heve aldersgrensene formilitær tenestegjering

Etter Forsvarsdepartementet si vurdering bør det gjerast endringar av heimevernslova og vernepliktslova, slik at lovverket oppstiller eit absolutt og generelt forbod mot tvungen rekruttering av barn under 18 år til Forsvaret i fred, beredskap og krig, samt eit tilsvarande forbod mot frivillig rekruttering til stridsrelatert verksemd eller anna deltaking i væpna konfliktar. Departementet kjem i proposisjonen med framlegg om dette. Dette vil harmonisere norsk lovgiving med dei nye internasjonale folkerettsinstrumenta på området, og gje eit viktig signal om at Noreg følgjer opp det internasjonale arbeidet for å heve aldersgrensa for rekruttering til væpna styrkar eller andre krigførande partar. Lovendringane vil truleg ikkje få korkje økonomiske konsekvensar eller konsekvensar for beredskapen.

På sidane 8-13 i proposisjonen vert ei rekkje høyringsuttalelser gjengjeve.

Forsvarsdepartementet er, trass i innvendingane frå eit fåtal av høyringsinstansane, kome til at det ikkje vil vere noko god løysing å heve aldersgrensa for våpentrening. Departementet legg her vekt på at våpentreninga klart ikkje er av stridsrelatert karakter. Ramma rundt skytetreninga har konkurransepreg, og Forsvarsdepartementet er ikkje samd med Barneombodet i at ei samanlikning med skiskyting og skyttarlag ikkje er relevant. Eit absolutt forbod mot våpenopplæring før fylte 17 eller 18 år for HV-ungdom vil dessutan få negative konsekvensar for gjennomføring av militære feltsportdisiplinar, Det Frivillige Skyttervesen og skiskytingsporten. Forsvarsdepartementet ser det elles som ei urealistisk løysing at skytetrening for HV-ungdom skulle «setjast bort» til sivile skyttarlag e.l., og kan vanskeleg sjå kva for føremonar eit slikt opplegg vil ha. Tvert om vil ei slik ordning mest sannsynleg skape praktiske og økonomiske problem for gjennomføringa av utdanninga av HV-ungdom. Departementet vil difor på det noverande tidspunkt ikkje tilrå at det vert teke noko initiativ med sikte på å heve aldersgrensa for våpentenesta for HV-ungdomen, eller at våpentreninga i Forsvaret sin regi vert fjerna. Dagens ordning med at HV-aspirantar ikkje skal ha opplæring på AG-3 automatgevær, vil likevel bli ført vidare.

Dei same reglane som er omtalt ovanfor, vil òg gjelde for annan frivillig teneste i Forsvaret. Dette inneber mellom anna at lovendringsframlegga ikkje vil få konsekvensar for frivillig rekruttering av personar under 18 år til Forsvarets utdanningsinstitusjonar, til dømes inntak av lærlingar etter Reform 94, så lenge personellet ikkje får opplæring i stridsrelaterte disiplinar, og så lenge ein syter for dimisjon av personellet i tilfelle beredskap og krig, jf. ovanfor om dette. Lovframlegget tek altså ikkje fullt ut sikte på å hindre at personar som ønskjer dette, kan gjere teneste i eller på annan måte ha ei formalisert tilknyting til Forsvaret før dei har fylt 18 år. Framlegget tar likevel sikte på å utelukke ein kvar sjanse for at personar under 18 år får trening i stridsrelaterte disiplinar eller får høve til å delta i stridsrelatert verksemd, både i fred, krise og krig. Slik vil ein dermed sikre at barn i tilfelle væpna konflikt ikkje vil bli utsett for kamphandlingar som følgje av at dei gjer teneste i eller har noko anna tilknyting til Forsvaret.

Som nemnd ovanfor, er det sannsynleg at Noreg vil binde seg til ei 18-års aldersgrense for frivillig rekruttering til Forsvaret ved ein eventuell ratifikasjon av den nye tilleggsprotokollen til FN sin barnekonvensjon. Spørsmålet er da om dei lovendringar som er nemnde i proposisjonen vil vere nok til å gjere det norske regelverket i samsvar med ei slik folkerettsleg regulering. Etter departementet sitt syn vil lovendringane medføre at norsk lovgjeving vil vere i samsvar med ei slik 18-års grense. Rett nok vil 16-åringar etter norsk rett framleis kunne ha eit formalisert forhold til Forsvaret. Men dei skal altså ikkje få nokon praktisk opplæring eller på annan måte delta i stridsrelatert verksemd, heller ikkje skal dei verte mobiliseringsdisponerte/innrullerte som vernepliktige eller få lov til å halde fram i tenesta i Forsvaret i tilfelle der det kan tenkjast at Forsvaret må delta i kamphandlingar. Desse forholda gjer det klart at 16-åringar, anten det er HV-aspirantar, lærlingar eller andre, ikkje kan reknast som rekrutterte («recruited») til dei væpna styrkane, av di det må leggjast til grunn at ein person ikkje er «rekruttert» før vedkommande formelt eller de facto har vorte «medlem» av dei væpna styrkane med dei rettar og plikter dette medfører.

Av di personar under 18 år etter framlegget ikkje vil vere å rekne som medlem av dei væpna styrkane, er det departementet sitt syn at dei heller ikkje skal være underlagt militær disiplinærmakt. For HV-ungdomen inneber dette ingen endringar, då ein heller ikkje tidlegare har meint at aspirantar og ungdom i HV-ungdomen var omfatta av lov om militær disiplinærmyndighet. Det vil heller ikkje vere naturleg å rek­ne frivillige under 18 år som «ved rikets vebnede makt ansette eller dertil hørende personer» eller å gjere «tjeneste ved den vebnede makt eller følger avdeling av samme», slik det følgjer av den militære straffelov § 9 nr. 1 og 3.

Departementet vil likevel understreke at det å nekte personar under 18 år å gjere teneste i landets væpna styrkar, ikkje på nokon måte kan reknast som eit inngrep i den einskilde sin rett til sjølvforsvar i ein krigssituasjon.

8. Økonomiske og administrative konsekvensar

Lovframlegga vil ikkje få administrative eller økonomiske konsekvensar. Einskilde administrative og datatekniske handgrep, som sikrar at den einskilde ikkje må møte til teneste før vedkommande har fylt 18 år, må truleg gjerast av Vernepliktsverket. Ein reknar likevel med at det er ei relativt enkel oppgåve å syte for dette.

9. Merknader til dei einskilde paragrafane

Heimevernslova § 4

Regelen i heimevernslova § 4 omhandlar plikta til å gjere teneste i Heimevernet. Tredje ledd fastset i dag at også menn under vernepliktig alder har tenesteplikt i Heimevernet i krig, frå og med det året dei fyller 18. Det vil seie at nokre grupper 17-åringar kan kallast inn til pliktig teneste i krigstid. For å sikre ei ufråvikeleg 18-års grense for tvungen teneste, føreslår departementet at tredje ledd i § 4 endrast slik at tenesteplikta først startar den dagen vedkomande fyller 18 år.

Det er tenesteplikta som startar frå og med den dagen vedkomande fyller 18 år. Med andre ord vil personar under 18 år ikkje lenger kunne verte rekrutterte til teneste i Heimevernet. Det må likevel understrekast at ein med tenesteplikt her siktar til den faktiske rekrutteringa, det vil seie det tidspunktet ein personleg må møte til militærteneste eller på annan måte fysisk startar den militære tenesta i dei væpna styrkane. Formalia spelar her ingen rolle med omsyn til innlemminga i Forsvaret.

Derimot råker regelen ikkje personar som vert tekne inn som frivillige. Frivillig teneste vert regulert av lova §§ 5 og 6. Den endringa som er føreslått i § 4 vil difor ikkje forby tilsetjing av barn ved kontrakt eller anna frivillig teneste i Heimevernet, til dømes i HV-ungdomen.

Framlegget vil på den andre sida ikkje hindre Forsvaret i å setje i verk tiltak som tek sikte på førebuing av tenesteplikta gjennom mellom anna gjennomføring av sesjon, klassifisering, innrullering, utskriving, opptaksprøver og andre testar, administrativ fordeling av personellet, utsending av rekrutteringsmateriell m.m., sjølv om vedkomande på tidspunktet for det førebuande tiltaket ennå ikkje har fylt 18 år.

Heimevernslova § 6

Om grunngjevinga for heimevernslova § 6 viser ein til pkt. 7 ovanfor.

Om tydinga av uttrykket «stridsrelatert verksemd», som vert nytta i lovframlegget, vil Forsvarsdepartementet seie følgjande:

Uttrykket er nytta som ei avgrensing mot dei disi­plinar frivillige mindreårige i Heimevernet ikkje skal gjevast opplæring i, eller på annan måte delta i, før dei fyller 18 år. Uttrykket må tolkast i lys av føremålet med regelen, som er at barn under 18 år ikkje skal gjevast opplæring eller på annen måte delta i verksemd som gjer det vanskelegare å unngå at disse i ein krigssituasjon vil gjere bruk av sine kunnskapar. Det er meint å dekkje militære strids- og våpenteknikkar, deltaking i felttenesteøvingar der stridselementet er ein vesentleg del og liknande operativ verksemd. Justisdepartementet seier i sine merknader at det er noko uklart kva som faller inn under forbodet, og viser mellom anna til at Forsvarsdepartementet har føresett at dagens våpentrening for HV-ungdom kan halde fram, medan opprekninga i føresegna til lov om Heimevernet pkt. 42 peiker nærast i retning av at til dømes våpentrening fell utanfor dei «ikkje-stridsrelaterte» disi­pliner. Justisdepartementet meiner difor at uttrykket bør klargjerast i motiva. Problemstillinga er også omtala i merknadene til Reserveoffiserers Forbund, som peikar på at dagens HV-ungdom i 16-17-års alderen kan «bli lidende ved en strengere tolkning av loven enn det departementet legger til grunn i sitt høringsutkast».

Til dette vil Forsvarsdepartementet seie at det vanskeleg kan la seg gjere å trekkje opp retningslinjer i motiva som kan løyse alle tvilsspørsmål. I praksis vil det truleg oppstå gråsoner der det kan reisast spørsmål om ein bestemt disiplin/verksemd er å rekne som stridsrelatert eller ikkje. Dette kan etter Forsvarsdepartementet si vurdering best løysast gjennom en næ­rare regulering gjennom endringar i føresegn til heimevernslova, eventuelt gjennom retningslinjer som kan gjevast av Forsvarets overkommando. Ei slik løysing synest også Ombodsmannen for Forsvaret, som i sine merknader viser til merknadene frå Forsvarets Ombodsmannsnemnd, å vere inne på. Det heiter her mellom anna:

«Nemnda vil også anta at det i forskriften til § 6 bør gis nærmere veiledende bestemmelser om hvilke opplæringstilbud Heimevernet kan by sitt frivillige personell under 18 år.»

Til spørsmålet om våpentrening fell utanfor eller innanfor uttrykket «stridsrelatert verksemd», vil Forsvarsdepartementet likevel seie at ein i alle fall har tolka gjeldande føresegn slik at våpentreninga til HV-aspirantane ikkje vert rekna for stridsrelatert verksemd.

Generelt kan ein også seie at aktivitetar som sjølvforsvar, feltskyting, bivuakkteneste, orienteringsløp med eller utan skyting, fjellklatring m.m. ikkje kan rek­nast som stridsrelaterte, av di dei ikkje primært rettar seg mot opplæring i strid eller stridsteknikkar, og av di dei har klare parallellar til sivile aktivitetar og idrettar. Opprekninga av kva som skal reknast som ikkje-stridsrelaterte disiplinar, gjev også ein peikepinn med omsyn til kva som reknast som stridsrelatert verksemd. Som døme på aktivitetar som må reknast som stridsrelatert, kan ein likevel nemne skytetrening som er meir direkte knytt til kamp, militære stridsteknikkar, taktikk m.m.

Departementet legg til grunn at ein skal forstå uttrykket i framlegget til nytt andre punktum i heimevernslova § 6 første ledd på same måte som den avgrensinga som er gjort i føresegna til heimevernslova, og meiner at framlegget til lovendring ikkje vil medføre eit forbod mot å gi mindreårige opplæring i enkle militære disiplinar som ikkje direkte omfattar stridsopplæring eller stridsrelatert verksemd.

Forbodet som vert føreslått er eit forbod mot opplæring eller deltaking i stridsrelatert verksemd. I departementet sitt høyringsbrev var det i utgangspunktet føreslått at forbodet berre skulle gjelde praktisk opplæring eller deltaking i stridsrelatert verksemd, med den grunngjevinga at det neppe vil være mogleg eller ønskjeleg å oppstille eit lovforbod mot at personer under 18 får ei teoretisk innføring om militære stridsteknikkar, taktikk osv. På bakgrunn av merknader frå Justisdepartementet og Ombodsmannen for Forsvaret har Forsvarsdepartementet likevel kome til at ein vil føreslå et generelt forbod mot opplæring i stridsrelatert verksemd. Forbodet vil difor i utgangspunktet også ramme teoretisk opplæring. Det vil kunne skape ei rekkje problem for fortolkinga å oppretthalde eit skilje mellom praktisk og teoretisk opplæring. Det er vidare ingen spesielle grunnar som talar for at barn under 18 år bør få ei systematisk teoretisk opplæring i stridsrelaterte disiplinar i Forsvaret. Føremålet med regelen gjev heller ikkje nokon grunn til å skilje mellom praktisk og teoretisk opplæring. Departementet viser i denne samanheng til merknadene frå Ombodsmannen for Forsvaret, som viser til ei erklæring vedtatt av Forsvarets ombodsmannsnemnd.

Vidare føreslår departementet at frivillige i Heimevernet som ikkje har fylt 18 år, straks skal fritakast frå teneste dersom riket er i krig eller krig truar, eller Forsvaret eller nokon del av det er beordra sett på krigsfot. Formuleringa «skal fritakast frå teneste» er å forstå som eit absolutt påbod om at dette personellet under slike omstende skal verte beordra frå tenesta/ikkje innkalla til ny teneste, slik at personane ikkje skal kunne reknast som «medlemmer» av dei væpna styrkane. Det vil ikkje vere høve for dei som ønskjer det å halde fram i tenesta. Regelen krev aktive tiltak frå Forsvaret si side.

Forsvarsdepartementet føreslår at heimevernslova § 6 andre ledd første punktum vert endra tilsvarande som i heimevernslova § 4 tredje ledd. Ein viser her til merknadene til heimevernslova § 4.

Vernepliktslova § 4

Framlegget til endringar i vernepliktslova § 4 første ledd er utforma og grunna likt med framlegget til endringar i heimevernslova § 4 tredje ledd. Ein viser difor til merknadene til heimevernslova § 4.

Framlegget til nytt femte ledd i vernepliktslova § 4 er identisk med framlegget til nytt anna punktum i heimevernslova § 6 første ledd. Departementet viser til merknadene ovanfor til denne regelen.

Vernepliktslova § 5

Framlegget til endringar i vernepliktslova § 5 første ledd anna punktum er utforma og grunna likt med framlegget til endringar i heimevernslova § 4 tredje ledd. Ein viser difor til merknadene til heimevernslova § 4.

Iverksetjing

Før lovendringane kan tre i kraft, vil det vere naudsynt å syte for at føresegnene til heimevernslova og vernepliktslova vert tilpassa endringane. Departementet føreslår difor at lova trer i kraft frå den tid Kongen fastset.

10. Komiteens merknader

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Grethe Fossli, Gunnar Halvorsen, Trond Mathisen og Tore Nordseth, fra Kristelig Folkeparti, Lars Rise og Anne Brit Stråtveit, fra Høyre, Ingvald Godal, og fra Senterpartiet, Gudmund Restad, støtter forslagene i proposisjonen om endringer i heimevernsloven og vernepliktsloven (heving av aldersgrenser for militær tjeneste) slik at Forsvaret ikke lenger vil ha hjemmel til med tvang å rekruttere barn helt ned til 16 års alder. Lovendringene vil hindre at personer under 18 år blir øvet i stridsrelaterte grener eller at de får anledning til å delta i stridsrelatert virksomhet i fred, krise eller krig. Dette sikrer at personer under 18 år, i tilfelle væpnet konflikt, ikke kan bli utsatt for direkte strid som følge av tjeneste i, eller annen tilknytning til, Forsvaret. Ingen personer under 18 år vil etter lovendringene bli å regne som medlemmer av landets væpnede styrker.

Flertallet vil understreke at lovendringene ikke skal være til hinder for at HV-ungdommens virksomhet i all hovedsak kan videreføres etter dagens mønster.

Flertallet har for øvrig ingen merknader til proposisjonen.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, lederen Hans J. Røsjorde og Per Ove Width, vil peke på at det er en norsk anvendelse av FNs barnekonvensjon som er grunnlaget for lovfremlegget. Nevnte konvensjon forbyr rekruttering og bruk av barn under 15 år i væpnet konflikt. Disse medlemmer vil peke på at grunnlaget for konvensjonen i prinsippet er rettet mot bruk av barnesoldater i den tredje verden samt at aldergrensen for frivillig rekruttering skal fastsettes av den enkelte stat, likevel minimum 16 år.

Disse medlemmer vil understreke at HV-ungdom og ungdom som ellers ønsker å drive innenfor rammen av feltsport og skiskyting gjennom denne lovendring i neste omgang kan rammes av de tolkinger som bl.a. Barneombudet har lagt til grunn og som disse medlemmer anser er mer innrettet mot å hindre ungdom i å utøve nevnte idretter enn å følge opp hovedintensjonene med FN-konvensjonen.

Disse medlemmer vil videre vise til proposisjonens omtale av de krav som stilles til HV-ungdom og de begrensninger og kontrollrutiner som legges til grunn for HV-ungdommens virksomhet.

Disse medlemmer vil understreke at det ikke må fremmes lovforslag som gjennom tolkning kan regnes som et inngrep i den enkeltes rett til selvforsvar i en krigssituasjon. Disse medlemmer støtter for øvrig høringsuttalelsen fra Norske Reserveoffiserers Forbund som er gjengitt på side 10 i proposisjonen.

På denne bakgrunn går disse medlemmer mot endringene i heimevernsloven og vernepliktsloven.

11. Komiteens tilråding

Komiteen viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjøre slikt

vedtak til lov

om endringer i lov 17. juli 1953 nr. 28 om Heimevernet og lov 17. juli 1953 nr. 29 om verneplikt (heving av aldersgrenser for militær teneste)

I

I lov 17. juli 1953 nr. 28 om Heimevernet vert det gjort følgjande endringar:

§ 4 tredje ledd skal lyde:

I krig har også menn under vernepliktig alder tjenesteplikt i Heimevernet frå og med den dag de fyller 18 år, når de fyller vilkårene etter første ledd nr. 2.

§ 6 første ledd nytt andre punktum skal lyde:

Frivillige som ikke har fylt 18 år, skal likevel ikke gis opplæring eller delta i stridsrelatert virksomhet, og skal straks fritas fra tjeneste dersom riket er i krig eller krig truer eller Forsvaret eller noen del av det er beordret satt på krigsfot.

§ 6 andre ledd første punktum skal lyde:

Hvis krig eller fare for krig inntrer i dette tidsrom, er de frivillige som har fylt 18 år etter Kongens nærmere bestemmelse forpliktet til å fortsette på samme vilkår ut over den påtatte tjenestetid så lenge forholdene gjør det nødvendig.

II

I lov 17. juli 1953 nr. 29 om verneplikt vert det gjort følgjande endringar:

§ 4 første ledd skal lyde:

Uten hensyn til bestemmelsen i § 3 første punktum kan Kongen i krig eller når krig truer bestemme at verneplikten skal inntre fra den dag i utskrivningsåret vedkommende fyller 18 år.

§ 4 nytt femte ledd skal lyde:

Frivillige som nevnt i annet, tredje og fjerde ledd, men som ikke har fylt 18 år, skal ikke gis opplæring eller delta i stridsrelatert virksomhet, og skal straks fritas fra tjeneste dersom riket er i krig eller krig truer eller Forsvaret eller noen del av det er beordret satt på krigsfot.

§ 5 første ledd anna punktum skal lyde:

I denne er enhver tjenestedyktig mann som ikke tilhører de faste oppbud (§ 2) tjenestepliktig fra og med den dag han fyller 18 år til og med det år han fyller 55.

III

Lova trer i kraft frå den tid Kongen bestemmer.

Oslo, i forsvarskomiteen, den 26. oktober 2000

Hans J. Røsjorde Gunnar Halvorsen Grethe Fossli
leder ordfører sekretær