Noregs grunnlov er den nest eldste i verda som har vore gjeldande
utan avbrot. I novembergrunnlova av 1814 vart penge- og myntstellet
grunnlovfest i paragraf 110. Denne paragrafen lydde: «Norge beholder
sin egen Bank og sit eget Penge- og Myntvæsen, hvilke Indretninger
ved Lov bestemmes.» Med denne føresegna skulle Noreg sikrast eit
sjølvstendig pengestell òg under personalunionen med Sverige. Paragrafen
stod slik fram til 1911 då han vart endra for å grunnlovfesta Statens
reservefond.
Stortinget vedtok 17. april 1875 Lov om Pengevæsenet der § 1
(Pengeenheten og dens gullinnhold) fyrste ledd fyrste punktum lydde:
«Grundlaget for Rigets Myntsystem er Guld og Pengeenheden skal være
en Krone, som deles i 100 Øre.» Noreg endra med dette eining frå
spesidalar og skilling til kroner og øre. I dag er pengeeininga
i Noreg lovfest i sentralbanklova, paragraf 4.
Noregs Bank vart skipa ved lovsanksjon i Stortinget 14. juni
1816. Stortinget vedtok i Noregs Bank sitt 200-årsjubileum atter
å grunnlovfesta sentralbanken. Grunnlova § 33 slår no fast at «Noregs
Bank er sentralbanken i landet.»
Forslagsstillarane viser til Grunnlova § 1 fyrste punktum: «Kongeriket
Noreg er eit fritt, sjølvstendig, udeleleg og uavhendeleg rike.»
Det å ha ei eiga pengeeining er eit av kjenneteikna ved ein sjølvstendig
nasjon. Forslagsstillarane meiner difor Grunnlova bør innehalda
føresegner om at Noreg skal ha si eiga pengeeining. Forslagsstillarane
meiner at Noreg har hatt god nytte av å ha si eiga pengeeining og
vil vera tent med å halde på si eiga pengeeining i framtida òg.
Det er nærliggjande å grunnlovfesta ei føresegn om at Noreg skal
ha si eiga pengeeining, saman med grunnlovsføresegna om sentralbanken.
Forslagsstillarane gjer difor framlegg om at grunnlovfesting av
at Noreg skal ha si eiga pengeeining, blir teke inn i § 33 som nytt
andre ledd. Forslagsstillarane framset òg eit alternativ med framlegg
om plassering i ny § 120 a.
Forslagsstillarane ser det som grunnleggjande for ein suveren
stat å ha råderett over sitt eige penge- og myntstell og tek til
orde for å gje pengestellet konstitusjonelt vern ved å grunnlovfesta
at Noreg skal ha si eiga pengeeining. Sentralbanklova § 4 fortel
kva denne pengeeininga er.
Som alternativ formulering til grunnlovfesting av at Kongeriket
Noreg skal ha si eiga pengeeining, fremjar forslagsstillarane framlegg
om å grunnlovfesta at den norske pengeeininga er ei krone og at
ei krone er hundre øre.