Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Representantforslag om straumsituasjonen i Geirangerfjorden etter vedtak om nullutslepp for cruiseskip

Dokument 8:30 S (2021-2022), Innst. 135 S (2021-2022)

Vedtak 385

Stortinget ber regjeringa vurdere kva kraftbehov som fylgjer av målet om næringsutvikling i verdsarvområda Geiranger og Nærøyfjorden og ferjesambanda der, utan klimagassutslepp, og kome attende til Stortinget med ei sak om korleis regjeringa kan medverke til at kraftbehovet vert dekt.