Spørjetimespørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til næringsministeren

Om kva statsråden vil gjere for å hindre at 3 000 enkeltståande sjølvstendig næringsdrivande må avslutte si verksemd samtidig som statsråden arbeider med ein plan for at Noreg skal bli verdas beste land å starte og drive bedrift i

Datert: 29.02.2024
Svart på: 06.03.2024 av næringsminister Jan Christian Vestre

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Statsråden har varsla ei ny stortingsmelding om gründerar og oppstartsbedrifter. Samtidig har regjeringa frå 1. januar skjerpa innleigeregelverket slik at over 3 000 enkeltståande sjølvstendig næringsdrivande ikkje lenger kan levere tenester og inngå oppdragsavtaler med ein arbeidsgivar.
Kva vil statsråden gjere for å hindre at 3 000 enkeltståande sjølvstendig næringsdrivande må avslutte si verksemd samtidig som statsråden arbeider med ein plan for at Noreg skal bli verdas beste land å starte og drive bedrift i?


Les heile debatten