Munnleg spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til statsministeren

Om statsministeren kan greie ut kva som er Noreg si grunngjeving for at vi har slutta å stille oss bak fråsegna frå høgambisjonskoalisjonen for klima, og meiner han at det er med på å styrkje Noreg sitt klimatruverd inn mot desse toppmøta

Datert: 29.11.2023
Svart på: 29.11.2023 av statsminister Jonas Gahr Støre

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Det er godt og kaldt ute og rekordtidleg start på skisesongen i Oslomarka. Men globalt går vi mot eit rekordvarmt år, og temperaturrekordar vert slegne månad for månad.

Eg vil tilbake til klimatoppmøtet som eg skjøner at statsministeren reiser til i morgon. Eg vil starte med å seie at det er bra at statsministeren deltar der sjølv, i lag med andre medlemer av regjeringa. Det framstår litt meir uklart kva sluttresultat ein ønskjer å oppnå.

På toppmøtet i Glasgow for to år sidan var det ein viktig prosess og eit viktig vedtak rundt å få til ei nedfasing av den mest forureinande fossile energikjelda, nemleg kolkraft. No er det mange som jobbar for offensive formuleringar rundt nedfasing av annan fossil energi òg.

Noreg har i mange år vore eit aktivt medlem av den internasjonale høgambisjonen for klima, som jobbar for at verdssamfunnet skal skjerpe inn klimapolitikken. Noreg har late vere å skrive under dei fem siste fråsegnene frå den koalisjonen. Det dei har til felles, er at dei nettopp tek til orde for at vi no må begynne å fase ut fossil energi.

I og med at regjeringa sitt mantra, iallfall her heime, er å utvikle og ikkje avvikle oljenæringa, er det nærliggjande å tenkje seg at det er grunnen til at vi no har slutta å signere fråsegner frå denne globalt viktige klimakoalisjonen. Med det stiller vi oss altså på sida til Saudi-Arabia, Russland og andre oljeproduserande land som ikkje ønskjer den typen formuleringar vedtekne på klimatoppmøtet.

Eg vil gjerne spørje statsministeren om han kan greie ut kva som er Noreg si grunngjeving for at vi har slutta å stille oss bak fråsegnene frå høgambisjonskoalisjonen for klima, og meiner han at det er med på å styrkje Noreg sitt klimatruverd inn mot desse toppmøta?


Les heile debatten