Munnleg spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utenriksministeren

Om kva som er utanriksministerens beskjed til alle dei som hever stemmen og vil bidra til å stoppe den meiningslause bombinga av uskuldige ungar og vaksne i Gaza, men som ikkje ser noko håp

Datert: 08.11.2023
Svart på: 08.11.2023 av utenriksminister Espen Barth Eide

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): 1 392 norske helsepersonell og helsefagstudentar har signert eit opprop i solidaritet med helsepersonell i Gaza. 1 392 helsearbeidarar har heva stemma. Dei nektar å sitja stille medan kollegane deira blir frårøva moglegheita til å gje helsehjelp til sivilbefolkninga.

Dei fleste helsefasilitetar i Gaza er no ikkje-fungerande som følgje av mangel på straum, drivstoff og skader på bygningar. Ambulansar, sjukehus og helsepersonell blir bomba, medan hardt skadde pasientar strøymer til for å få hjelp av utslitne helsearbeidarar utan medisinar, utan straum, utan rein vatn.

Angrepet mot Gaza etter Hamas’ terrorangrep 7. oktober saknar sidestykke. Fleire ungar har blitt drepne i Gaza dei siste vekene enn i alle konfliktar til saman i løpet av eit heilt år dei siste åra. Og Israel viser ingen teikn til å dempa seg.

Eg møtte Sara og Emma i går, dei to som står i spissen for oppropet frå norske helsearbeidarar. Dei hever stemma, og dei vil gjera meir for å stoppa den meiningslause bombinga av uskuldige ungar og vaksne. Men dei spør, og mange andre fortvilte menneske spør: Gjeld ikkje dei universelle, humanitære prinsippa òg for palestinarar? Kva gjer dei folkevalde? Kva gjer regjeringa? Dei ser at angrepa fortset med uminska styrke, dei ser tusentals drepne, skadde og vettskremte ungar, og dei ser vestlege leiarar som ikkje lenger er opptekne av folkeretten og krigens reglar, men som gjev Israel vide fullmakter til å fortsetja bombinga.

Kva er utanriksministerens beskjed til alle dei som hever stemma og vil bidra, men som ikkje ser noko håp?


Les heile debatten