Munnleg spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til statsministeren

Om statsministeren kan nemne eit einaste nytt tiltak denne regjeringa har kome med for å styrkje klimapolitikken i ikkje-kvotepliktig sektor

Datert: 10.05.2023
Svart på: 10.05.2023 av statsminister Jonas Gahr Støre

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Noreg har ein forpliktande klimaavtale med EU om kor mykje vi skal redusere klimagassutsleppa kvart år fram mot 2030. Dette er ikkje mål som er valfrie å nå, det er mål vi må nå.

Norske utslepp går nedover, men det går for sakte, og vi er enno ikkje på rett bane til å nå dei måla. I ein slik situasjon skulle ein tru at regjeringa gjorde det ho kunne for å forsterke klimapolitikken, men kva har skjedd? Jo, regjeringa gjer det motsette. Dei største utsleppa vi må kutte, i tråd med avtalen med EU, finn vi i transportsektoren. Kva har regjeringa gjort der? Dei starta med å gjere det dyrare å kjøpe elbilar, dei følgde opp med å senke klimaavgiftene med 1,7 mrd. kr i inneverande år, og i førre veke vart det varsla at det ikkje lenger vil bli gjeve støtte til elektriske varebilar eller biogasskøyretøy. No har transportetatane levert ein rapport til regjeringa der dei konkluderer med at det med dagens politikk ikkje vil vere mogleg å nå klimamåla for transportsektoren.

Då kunne ein kanskje tenkje seg at ein gjorde meir for å kutte i andre sektorar. I den nest viktigaste sektoren for å nå klimamåla med EU, landbrukssektoren, går det i revers. Utsleppa frå landbruket aukar – dei går ikkje ned. I vår har landbruksminister Borch varsla at på hennar vakt skal det ikkje skje endringar i husdyrproduksjonen for å følgje opp kosthaldsråda. Husdyrproduksjon er den største kjelda til utslepp i landbruket, og landbruksministeren har med det i praksis avvist klimaavtalen staten har med landbruket.

Det er ikkje det at regjeringa raserer norsk klimapolitikk. Mange gode verkemiddel vert vidareførte, men kvar gong regjeringa gjer noko nytt, går det i feil retning. Det er stadige små knepp i retning høgare klimagassutslepp, samtidig som vi har ein avtale som vi må oppfylle.

Då vert spørsmålet: Kan statsministeren nemne eit einaste nytt tiltak denne regjeringa har kome med for å styrkje klimapolitikken i ikkje-kvotepliktig sektor?


Les heile debatten