Munnleg spørsmål fra Olve Grotle (H) til fiskeri- og havministeren

Om statsråden meiner at innføring av grunnrenteskatten på havbruk ikkje fører til tap av arbeidsplassar og bortfall av investeringar innan næringa

Datert: 19.10.2022
Svart på: 19.10.2022 av fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran

Olve Grotle (H)

Spørsmål

Olve Grotle (H): Då regjeringa i september kunngjorde eit skjerpa skatteregime på havbruk, kom dette fullstendig overraskande på næringa. Forutan den historisk høge skatteauken var det i tillegg eit brot med det som har vore eit kvalitetsstempel hos oss, nemleg å leggje til rette for føreseielege og breie forlik når det gjeld rammevilkåra for næringslivet vårt. Regjeringa skapte òg eit inntrykk av at skattegrepet var absolutt nødvendig for å berge landet gjennom ei økonomisk krise, og kritiske spørsmål blei avfeia med det. Men då statsbudsjettet blei lagt fram i oktober, kunne statsminister Støre derimot fortelje at formålet med den nye grunnrenteskatten på havbruk var å sikre varige inntekter til det offentlege. Sidan regjeringa si offentleggjering av grunnrenteskatten har konsekvensane alt begynt å vise seg. Fleire selskap, som f.eks. Overhalla Betongbygg og SinkabergHansen, har varsla om permitteringar av mange tilsette, og investeringar for over 25 mrd. kr har blitt fryste, nedskalerte eller avvikla.

Synest fiskeri- og havministeren at eit skatteregime som omgåande fører til tap av arbeidsplassar og bortfall av investeringar, er eit positivt bidrag til Noregs stilling som verdsleiande innan havbruk?


Les heile debatten