Munnleg spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Om korleis regjeringa har tenkt til å møte utfordringane i transportnæringa og maskin- og entreprenørnæringa med auka drivstoffprisar og enorme kostnader

Datert: 18.05.2022
Svart på: 18.05.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Spørsmålet går til samferdselsministeren – ikkje overraskande.

Europa er i krig. Vi har eit klimahysteri i Europa og utfordringar innan energi, som gjer at olje- og gassprisane går til himmels. Dette har ført til at drivstoffprisane har auka med 40–50 pst., noko som gjer at transportnæringa og Maskinentreprenørenes Forbund får enorme kostnader, og at kostnadsveksten er formidabel. I tillegg har ein store utfordringar med å få likviditeten på plass, og ein har varsla, bl.a. i Maskinentreprenørenes Forbund, at det ligg an til massive permitteringar, og at det kan verte oppseiingar, med bakgrunn i den galopperande prisspiralen når det gjeld spesielt drivstoff, men også bygg og anleggsvarer generelt i bransjen.

Spørsmålet til samferdselsministeren er: Kan han forklare korleis regjeringa har tenkt å møte desse utfordringane innan transportnæringa og Maskinentreprenørenes Forbund? Når ein i landbruksoppgjeret har argumentert med at ein kjem i møte utfordringar i veksten i kostnader innan landbruksnæringa, er signalet regjeringa gjev no, at ein skal kutte på bygging av store vegprosjekt – ein kuttar ned på vedlikehaldsmidlar og ikkje minst midlar til asfalt – så ein gjer altså det stikk motsette og lagar det verre for transportnæringa og for maskin- og entreprenørnæringa.

Forklar kva som er greia, og korleis ein har tenkt å løyse utfordringane i transportnæringa og for maskin- og entreprenørnæringane i heile Noreg.


Les heile debatten