Spørjetimespørsmål fra Olve Grotle (H) til fiskeri- og havministeren

Om når og korleis statsråden vil følgje opp evalueringa eit panel med internasjonale forskarar for ei tid sidan gjennomførte av trafikklyssystemet som regulerer veksten i havbruksnæringa

Datert: 17.03.2022
Svart på: 23.03.2022 av fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran

Olve Grotle (H)

Spørsmål

Olve Grotle (H): Eit panel med internasjonale forskarar gjennomførte for ei tid sidan ei evaluering av trafikklyssystemet som regulerer veksten i havbruksnæringa. Panelet er kritisk til presisjonen til dagens system og gir tydelege tilrådingar om nødvendige forbetringar.
På kva måte og kor tid kjem statsråden til å følgje opp denne evalueringa?


Les heile debatten