Spørjetimespørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til finansministeren

Om Senterpartiet sitt valbodskap "nær folk", då regjeringa har avgjort at eksportrådet skal flyttast frå Ålesund til Oslo, etter at rådet vart flytta til Ålesund under den førre regjeringa

Datert: 16.03.2022
Rette vedkommende: Næringsministeren
Svart på: 23.03.2022 av næringsminister Jan Christian Vestre

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Møre og Romsdal er eit av dei største eksportfylka i landet, og det var stor glede når den førre regjeringa avgjorde at eksportrådet skulle flyttast til Ålesund. No har Ap- og Sp-regjeringa avgjort at eksportrådet skal flyttast frå Ålesund til Oslo, med andre ord vekk frå dei store eksportområda og absolutt alt anna enn "nær folk".
Kan statsråden forklare kvifor Senterpartiet sitt valbodskap "nær folk" ikkje lenger ser ut til å vere statsråd Vedum og Senterpartiet sin politikk?


Les heile debatten