Munnleg spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Om samferdselministeren stiller seg bak det Statens vegvesen har lagt opp til i framlegget sitt til handlingsprogram, som ikkje har teke inn over seg at Stortingets fleirtal ønskjer åtte vegprosjekt starta opp tidleg i første planperiode

Datert: 02.03.2022
Svart på: 02.03.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Eg har gleda av å ønskje samferdselsministeren velkommen til spørjetimen.

Samferdselsministeren har på eit skriftleg spørsmål, nr. 1241, frå Terje Halleland frå Framstegspartiet svart med ei oversikt over vegprosjekta som er omtala i NTP 2022–2033, og dessutan vegprosjekt som er omtala i merknader i Innst. 653 S for 2020–2021, med oppstart i første planperiode. Samferdselsministeren har gjort greie for kva Statens vegvesen har lagt inn i gjennomføringsplanen sin for perioden frå 2022 og utover, noko som syner at Statens vegvesen ikkje har teke inn over seg at Stortingets fleirtal ønskjer følgjande prosjekt starta opp tidleg i første planperiode. Det gjeld rv. 282 Holmenbrua, rv. 15 Strynefjellet med arm til Geiranger, E34 Bakka–Solheim, E14 Stjørdal–Storlien, E39 Vågsbotn–Klauvaneset, rv. 13 Vikafjellet og E16 Fagernes sør–Hande. Stiller samferdselministeren seg bak det Statens vegvesen har lagt opp til i framlegget sitt til handlingsprogram?


Les heile debatten