Munnleg spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til utenriksministeren

Om statsråden kan stadfeste at lovnaden om å nå NATO sitt 2-prosentmål for å sikre god økonomistyring av Forsvaret framleis gjeld

Datert: 11.04.2018
Svart på: 11.04.2018 av utenriksminister Ine Eriksen Søreide

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Mitt spørsmål går til utenriksministeren.
Det sikkerheitspolitiske biletet endrar seg. Verda er vesentleg meir uroleg no enn for få år sidan. Dette opptek sjølvsagt også utanriksministeren. 7. april i år gav statsråden eit omfattande intervju til Dagbladet om det sikkerheitspolitiske biletet av det norske forsvaret. Om NATO sitt 2-prosentmål er statsråden sitert på følgjande:

«Jo, vi står fast ved at vi skal jobbe for å nå målet. Den forpliktelsen har vi slått klart fast.»

At Høgre har stadfesta NATO sitt 2-prosentmål er eg ikkje i tvil om. På Høgre sine eigne heimesider annonserte partiet etter landsmøtet i fjor følgjande krystallklåre melding: «Høyre vil bruke to prosent av BNP på Forsvar innen 2024, som vil bety en ytterligere opptrapping av forsvar, sikkerhet og beredskap.» Og dette gikk Høyre til val på i 2017.
Både statsråden sitt intervju til Dagbladet laurdag og ikkje minst Høgre sine lovnader attgjevne på eigne heimesider, står i skarp kontrast til det statsråden skreiv i brev til Stortinget halvannan månad etter Høgres landsmøte i fjor. Der skreiv statsråden at

«å oppnå en situasjon der Norge faktisk bruker 2 prosent av BNP til forsvarsformål vil kreve betydelige rammeøkninger i de kommende årene, også ut over nivåene det planlegges for i denne langtidsplanen».

Eg stiller dette spørsmålet om 2-prosenten, sjølv om eg veit at statsråden har skifta beite og no er utanriksminister. Men med bakgrunn i Dagbladet sitt oppslag finn eg det rett å vise til intervjuet der statsråden òg seier at «i Høyre sier vi også at det er viktig å bruke pengene riktig». Det er det ingen som helst tvil om, men det er vanskeleg å sikre god økonomistyring om ein seier to komplett motsette ting om finansiering av Forsvaret. Kan statsråden stadfeste at lovnaden etter eige landsmøte i fjor framleis gjeld?


Les heile debatten