Munnleg spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til næringsministeren

Om kva næringsministeren vil gjera for å betra vilkåra for Telemark Kildevann, med bakgrunn i at 15 arbeidsplassar no forsvinn i Fyresdal

Datert: 14.02.2018
Svart på: 14.02.2018 av næringsminister Torbjørn Røe Isaksen

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Då kan eg òg nytta moglegheita til på ein skikkeleg måte å ønskja Røe Isaksen velkomen som næringsminister i Stortinget eg òg. Eg vil ta opp spørsmål knytte til norsk næringsmiddelindustri, ein industri som me har sett at i tider når det har gått litt opp og ned i andre delar av næringslivet, har vore stabil og bidrege med verdiskaping og arbeidsplassar. Det er ein industri som er veldig avhengig av politiske rammevilkår og ikkje minst stabile rammevilkår.

Næringsministeren kjem heilt sikkert til å snakka mykje om stabile rammevilkår, men fasiten med denne regjeringa er jo at me ofte har sett ustabile vilkår som rammar enkeltnæringar. Då vil eg tilbake til Fyresdal i Telemark, der det som ein direkte konsekvens av regjeringas politikk, er 15 arbeidsplassar som no forsvinn. Det er veldig mykje i ein sånn kommune. Tilsvarande tal ut frå folketal ville vore over 7 000 arbeidsplassar i Oslo. Dette er altså fordi ein i kampen mot sukker har innført ei avgift på kjeldevatn.

Så mitt spørsmål er veldig konkret: Kva vil næringsministeren gjera no for å betra vilkåra for Telemark Kildevann? Vil ein sjå på dei avgiftene ein har innført, og korleis dei treff? Og kva vil ein gjera for å imøtekoma dei ønska om å bidra til verdiskaping og å ha arbeidsplassar som desse 15 familiane som no er ramma i Fyresdal, har?


Les heile debatten