Om at flyprisane har vorte reduserte det siste året, og på kva måte statsråden sikrar at dette ikkje på nokon måte reduserer tryggleiken i luftfarten
Datert: 06.02.2003 Svart på: 12.02.2003 av samferdselsminister Torild Skogsholm
Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): Flyprisane har vorte monaleg reduserte innan Noreg og til/frå utlandet det siste året. Dette er eit gode for dei reisande isolert sett.På kva måte sikrar statsråden at reduserte prisar ikkje på nokon måte reduserer tryggleiken i luftfarten?