Spørjetimespørsmål m.m.

Liste over munnlege spørsmål og spørjetimespørsmål frå representantane til statsrådane, spørsmål til presidentskapet og spørsmål ved slutten av møtet.

Avgrens utvalet

Finn spørjetimespørsmål etter

Frøiland, Ranveig (41 - 53 av 53)

  • Spørjetimespørsmål fra Ranveig Frøiland (A) til handelsministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 19.10.1990

    Fell vekk fordi spørjaren har forfall/ikkje er til stades

    "Gjennom media er eg gjort kjent med at det er ulike krav for godkjenning av redningsdrakter for NOR- og NIS-registrerte fartøy. Kva er grunnen til dette, og meiner statsråden at det framleis skal vera slik?" (Bortfalt)
  • Spørjetimespørsmål fra Ranveig Frøiland (A) til utdannings- og forskningsministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 19.10.1990

    Fell vekk fordi spørjaren har forfall/ikkje er til stades

    "Universitetet i Bergen har i gang eit prøveprosjekt i vidareutdanning for barnevernspedagogar som til no har vore støtta over handlingsplanen for barnevernstiltak. Statsråd Sollie meiner at det no er fagdepartementet for undervisning som må ta over dette prosjektet. Vil statsråden følgja opp dette pionerprosjektet med løyvingar?" (Bortfalt)
  • Spørjetimespørsmål fra Ranveig Frøiland (A) til familie- og forbrukerministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 04.10.1990

    Svart på: 10.10.1990 av familie- og forbrukerminister Solveig Sollie

    "Hausten 1989 vart det sett i gang 1-årig vidareutdanning i barnevern ved Universitetet i Bergen. Tilbodet var ein lekk i handlingsplanen for barnevernet med sikte på langsiktig kompetanseoppbygging. Sosialdeparte- mentet støtta tiltaket. Grunna manglande finansiering står tilbudet i fare for å verta lagt ned våren 1991. Vil statsråden medverka til å styrkja barnevernet ved å sikra midlar til å vidareføra denne vidareutdanninga?"
  • Spørjetimespørsmål fra Ranveig Frøiland (A) til samferdselsministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 10.05.1990

    Svart på: 16.05.1990 av samferdselsminister Lars Gunnar Lie

    "NSB har gjort framlegg om å sløyfa betjeninga ved Vaksdal stasjon. Etter at kommunen har protestert, ber NSB om at kommunen betaler for at stasjonen skal vera betjent. Meiner statsråden at kommunane no skal dekka utgiftene til betjening ved NSB sine stasjonar?"
  • Spørjetimespørsmål fra Ranveig Frøiland (A) til utdannings- og forskningsministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 06.04.1990

    Svart på: 25.04.1990 av utdannings- og forskningsminister Einar Steensnæs

    "Forsøket "Vurdering og veiledning" som har vore drive i Grunnskule- rådet sin regi vert avslutta til sumaren. Er statsråden samd i at dette forsøket vert avslutta, eller vil han ta eit initiativ til at dette arbeidet kan halda fram?"
  • Spørjetimespørsmål fra Ranveig Frøiland (A) til kultur- og kirkeministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 15.03.1990

    Svart på: 21.03.1990 av kultur- og kirkeminister Eleonore Bjartveit

    "Staten har reist sak mot sokneprest Kørner for å ta frå han sokne- prestembetet i Strandebarm. Staten vann saka. Ifølge Bergens Arbeiderblad ber biskop Lønning om at staten dekker saksutgiftene til sokneprest Kørner. Synest statsråden dette er rimeleg?"
  • Spørjetimespørsmål fra Ranveig Frøiland (A) til fiskeriministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 16.02.1990

    Svart på: 07.03.1990 av fiskeriminister Svein Magnus Munkejord

    "Akvakulturstasjonen i Matre har fått furunkulose på fisk i forsk- ningsanlegget. Stasjonen har ikkje tilfredsstillande utstyr for oppsamling av smittefårleg avfall og kloakk. Skal ein utrydda smitten og hindra spreiing til nabobedrift, er eit nytt servicebygg heilt naudsynt. Kan statsråden gå inn for å forsera dette bygget som det allereie føreligg både teikningar og kostnadskalkyle over?"
  • Spørjetimespørsmål fra Ranveig Frøiland (A) til kultur- og kirkeministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 26.01.1990

    Sett fram av: Grete Knudsen (A)

    Svart på: 07.02.1990 av kultur- og kirkeminister Eleonore Bjartveit

    "Ifylgje Bergens Tidende sprer Radio Bergen v/redaktør Garberg stadig rasistiske utsagn, og vil no bli anmeldt for brudd på straffeloven. Korleis kan statsråden sjå til at dei etiske reglar som norsk lov trekkjer opp i høve til framande kulturar, blir tekne i vare?" (tatt opp av Grete Knudsen)
  • Spørjetimespørsmål fra Ranveig Frøiland (A) til utdannings- og forskningsministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 20.12.1989

    Svart på på vegner av: Utdannings- og forskningsministeren

    Svart på: 10.01.1990 av utdannings- og forskningsminister Einar Steensnæs

    "Kommunane har ansvaret for å gje opplæringstilbud på 240 timar til innvandrarar, og 500 timar for flyktningar, asylsøkjarar og til personar som har fått opphald på humanitært grunnlag. Kva er grunnen til denne skilnaden i timar, og meiner statsråden det er rett å ha ein slik skilnad i opplæringstilbudet?"
  • Spørjetimespørsmål fra Ranveig Frøiland (A) til samferdselsministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 01.11.1989

    Svart på: 01.11.1989 av samferdselsminister Lars Gunnar Lie

    "Askøybrua var eit av dei prosjekta som vart forserte for å redusera den høge arbeidsløysa i Hordaland. Til Bergens Arbeiderblad seier vegsjefen i Hordaland at han no vil søkja om at utanlandske firma får gje anbud på stålkonstruksjonar til brua. Kva er samferdselsministeren si meining om dette?"
  • Spørjetimespørsmål fra Ranveig Frøiland (A) til miljøvernministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 31.05.1989

    Svart på: 31.05.1989 av miljøvernminister Sissel Rønbeck

    "Med bakgrunn i at vill-laksestammer er trua, har det vorte sett inn tiltak for å avgrensa laksefiske både i elvar og på sjøen. Drivgarnsfiske etter laks er slutt, men meiner miljøvernministeren at det er tilstrekkelig med stopp i ca. 70 elvar for å få laksestammene opp att?"
  • Spørjetimespørsmål fra Ranveig Frøiland (A) til kirke- og undervisningsministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 03.05.1989

    Svart på: 03.05.1989 av kirke- og undervisningsminister Mary Kvidal

    "I Bergens Arbeiderblad av 25. april 1989 går det fram at departementet har sagt nei til etablering av ein privat skule i Bergen. Skulen byggjer på eit humanistisk grunnsyn. Kva er grunnen til departementet har gjeve eit slikt avslag?"
  • Spørjetimespørsmål fra Ranveig Frøiland (A) til fiskeriministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 08.02.1989

    Svart på: 08.02.1989 av fiskeriminister Bjarne Mørk-Eidem

    "Vi har i dag for mykje smolt i høve til det som oppdrettsnæringa sjølv treng. Vil statsråden ta noko initiativ for å nytta meir av denne smolten?"