Spørjetimespørsmål m.m.

Liste over munnlege spørsmål og spørjetimespørsmål frå representantane til statsrådane, spørsmål til presidentskapet og spørsmål ved slutten av møtet.

Avgrens utvalet

Finn spørjetimespørsmål etter

Stangeland, Magnus (1 - 20 av 30)

  • Spørjetimespørsmål fra Magnus Stangeland (Sp) til fiskeriministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 06.03.1996

    Svart på på vegner av: Fiskeriministeren

    Svart på: 13.03.1996 av landbruksminister Gunhild Elise Øyangen

    "NRK-Fjernsynet viste 5. mars 1996 eksempel på at danske eksportfirma omgår minsteprisordninga ved å etablere dotterfirma i Noreg som kjøper fisk frå oppdrettar til 24 kroner pr. kilo, sel vidare til seg sjølv i Danmark til 28 kroner og vidaresel same fisken til den europeiske marknaden til 24 kroner. Kva vil fiskeriministeren gjera for å få slutt på denne måten å omgå minsteprisar på?"
  • Spørjetimespørsmål fra Magnus Stangeland (Sp) til samferdselsministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 02.12.1992

    Svart på: 09.12.1992 av samferdselsminister Kjell Opseth

    "Stadig større mengde reklame vert distribuert gjennom postkassa. I Sverige kan kundane reservera seg mot gruppereklame ved å skrive dette på ein lapp på postkassa. Vil statsråden ta initiativ til at ein kan bruka ein liknande modell også i Norge slik Norges Naturvernforbund går inn for?"
  • Spørjetimespørsmål fra Magnus Stangeland (Sp) til miljøvernministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 03.11.1992

    Svart på: 09.12.1992 av miljøvernminister Thorbjørn Berntsen

    "Nye forskrifter krev tømming av septiktankar kvart 2. år. Miljømessig er det lite å vinna ved hyppig tømming, samstundes som ei slik ordning vert kostbar både for kommunen og private. Vil miljøvernministeren endra desse forskriftene til for eksempel 8 år, slik som naturvernorganisasjonane har gått inn for?"
  • Spørjetimespørsmål fra Magnus Stangeland (Sp) til miljøvernministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 03.11.1992

    Fell vekk fordi spørjaren har forfall/ikkje er til stades

    "Nye forskrifter krev tømming av septiktankar kvart 2. år. Miljømessig er det lite å vinna ved hyppig tømming, samstundes som ei slik ordning vert kostbar både for kommunen og private. Vil miljøvernministeren endra desse forskriftene til for eksempel 8 år, slik som naturvernorganisasjonane har gått inn for?"
  • Spørjetimespørsmål fra Magnus Stangeland (Sp) til samferdselsministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 08.10.1992

    Svart på: 21.10.1992 av samferdselsminister Kjell Opseth

    "I Arbeiderbladet den 7. oktober 1992 er det ein reportasje om ei nesten-ulykke i Svartis-tunellen i Nordland som fylgje av manglande alarm- telefonar og kommunikasjonsutstyr. Mange av tunellane har for dårleg trygg- leik med omsyn til kommunikasjon med omverda, sjølv om tunellane er fleire kilometer lange. Vil statsråden arbeida for ei opprusting av naudtelefonar og kommunika- sjonslinjer i tunellane?"
  • Spørjetimespørsmål fra Magnus Stangeland (Sp) til samferdselsministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 04.06.1992

    Svart på: 10.06.1992 av samferdselsminister Kjell Opseth

    "Eg visar til ulykka med flyet frå Partner Air som havarerte ved Hirtshals 8. september 1989. I ein rapport som hittil ikkje har vore offentleg, vert det peika på funn ved vraket som kan tyda på at det har vore eksplosjon om bord i flyet. Vil statsråden medverke til at denne rapporten vert allment kjend?"
  • Spørjetimespørsmål fra Magnus Stangeland (Sp) til samferdselsministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 22.04.1992

    Svart på: 29.04.1992 av samferdselsminister Kjell Opseth

    "I samband med vedtaket om nedleggjing av Statens trafikkflygerskole lova departementet å vurdera byggjing av eit trenings- og kompetansesenter. Kva har statsråden gjort med denne saka?"
  • Spørjetimespørsmål fra Magnus Stangeland (Sp) til samferdselsministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 14.04.1992

    Svart på: 29.04.1992 av samferdselsminister Kjell Opseth

    "Gjennom massemedia er det vorte kjent at den nye postterminalen i Bergen ikkje fungerer som forutsatt. Kva har gått gale og kva vil statsråden gjera for å løysa problema ved postterminalen på Minde?"
  • Spørjetimespørsmål fra Magnus Stangeland (Sp) til samferdselsministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 26.03.1992

    Svart på: 01.04.1992 av samferdselsminister Kjell Opseth

    "Når vil departementet innføra påbod om bremselys i bakruta på bilar?"
  • Spørjetimespørsmål fra Magnus Stangeland (Sp) til samferdselsministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 05.12.1990

    Svart på: 09.01.1991 av samferdselsminister Kjell Opseth

    "Vil Samferdselsdepartementet oppmoda dei flyselskapa som har konsesjon på innanriksruter, at dei tek omsyn til at det er to jamstelte målformer i Noreg, til dømes ved val av målform i dei blada som vert laga med tanke på passasjerane?"
  • Spørjetimespørsmål fra Magnus Stangeland (Sp) til handelsministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 15.03.1990

    Svart på: 28.03.1990 av handelsminister Kaci Kullmann Five

    "Det er brukt 21 mill. kroner til kjøp av sild som matvarehjelp til Polen. Med dei tilgjengelege silderessursane på kysten og det store behov for matvarer i Polen, bør dette positive hjelpearbeidet halde fram. Vil fiskeriministeren ta initiativ til å vidareføre dette matvare- programmet?"
  • Spørjetimespørsmål fra Magnus Stangeland (Sp) til miljøvernministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 04.12.1989

    Svart på: 13.12.1989 av miljøvernminister Kristin Hille Valla

    "Korleis vil miljøvernministeren fylgja opp evalueringsrapporten frå Det Norske Veritas om oljevernaksjonen ved oljeulukka utanfor Sognefjorden?"
  • Spørjetimespørsmål fra Magnus Stangeland (Sp) til samferdselsministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 01.11.1989

    Svart på: 01.11.1989 av samferdselsminister Lars Gunnar Lie

    "NSB er no i ferd med å rive opp jernbaneskinnene på Kragerøbanen opp til Neslandsvatn på Sørlandsbanen. Det er eit politisk ønskje i Telemark fylkeskommune og Kragerø kommune at banen vert oppretthalden som industri- spor frå Sannidal til Neslandsvatn. Vil statsråden ta eit initiativ overfor NSB for å sikre at banen frå Sannidal til Neslandsvatn vert oppretthalden som industrispor?"
  • Spørjetimespørsmål fra Magnus Stangeland (Sp) til kommunal- og arbeidsministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 31.05.1989

    Svart på: 31.05.1989 av kommunal- og arbeidsminister Kjell Borgen

    "Er kommunalministeren samd med Arbeiderpartiets nestleiar Thorbjørn Berntsen som i eit intervju i Nationen 22. mai 1989 uttalar at vi har for mange kommunar?"
  • Spørjetimespørsmål fra Magnus Stangeland (Sp) til næringsministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 31.05.1989

    Svart på: 31.05.1989 av næringsminister Finn Kristensen

    "Vil Næringsdepartementet ta initiativ til ein studie av omfanget av "opne" og "skjulte" subsidiar til skipsbyggingsindustrien innan EF?"
  • Spørjetimespørsmål fra Magnus Stangeland (Sp) til handelsministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 26.04.1989

    Svart på: 26.04.1989 av handelsminister Jan Balstad

    "Norsk verkstadindustri har dei siste 3 åra levert fabrikktrålarar til USA for ca. 3-4 mrd. kroner. Amerikanske styresmakter har no stoppa denne importen og stengt denne norske industrien ute frå den amerikanske marknaden. I kva grad er dette i strid med gjeldande GATT-regelverk?"
  • Spørjetimespørsmål fra Magnus Stangeland (Sp) til samferdselsministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 12.04.1989

    Svart på: 12.04.1989 av samferdselsminister William Engseth

    "Eg viser til at ein diskuterer bruk av bompengefinansiering til E-6 ved Svinesund i Østfold. På strekninga Skjeberg - Svinesund er det fleire forslag til trasevalg. Vil statsråden sørgja for at ein ikkje bind på trasevalget før Stortinget eventuelt får spørsmålet om bompengefinansiering til handsaming?"
  • Spørjetimespørsmål fra Magnus Stangeland (Sp) til samferdselsministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 08.02.1989

    Svart på: 08.02.1989 av samferdselsminister William Engseth

    "Nødropa frå fartøyet Polarbas vart oppfanga av Harstad radio som fleirtalet i Stortinget har vedtatt å leggja ned og automatisera. Vil statsråden på bakgrunn av dette gå inn for å omgjera vedtaket om automatisering av kystradiostasjonane?"
  • Spørjetimespørsmål fra Magnus Stangeland (Sp) til finansministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 08.02.1989

    Svart på: 08.02.1989 av finansminister Gunnar Berge

    "Viser til at Reksten sine kunstsamlinger i Bergen er tilført bostyret. Kva vil finansministeren gjere for å sikra at denne samlinga også i framtida vert verande i Bergen?"
  • Spørjetimespørsmål fra Magnus Stangeland (Sp) til miljøvernministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 08.02.1989

    Svart på: 08.02.1989 av miljøvernminister Sissel Rønbeck

    "Ein søknad om midlar til eit forprosjekt i Kvam i Hardanger i samband med bruk av spillvarme frå ferrolegeringsverksemda Bjølvefossen A/S i Ålvik for tørking av husdyrgjødsel har fått avslag både frå Miljøverndepartementet og Landbruksdepartementet. Kva er grunngjevinga for å avslå ein slik søknad når det er ei prioritert oppgåve for Regjeringa å få bukt med forureiningane frå landbruket?"