Skriftleg spørsmål fra Astrid Aarhus Byrknes (KrF) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:1842 (2023-2024)
Innlevert: 23.04.2024
Sendt: 24.04.2024
Svart på: 02.05.2024 av forsvarsminister Bjørn Arild Gram

Astrid Aarhus Byrknes (KrF)

Spørsmål

Astrid Aarhus Byrknes (KrF): Kvifor er det ikkje fleire HV ungdomsgrupper enn i berre 3 av 11 HV distrikt, og vil forsvarsministeren bidra til å setje dette på dagsorden?

Grunngiving

HV ungdomsgruppe er ein ypperleg plass for ungdom som er nysgjerrige på forsvaret.
Mange ungdomar er usikre på om dei passar inn i forsvaret, eller om dei i det heile tatt ser at fyrstegongstenesta er rett for dei, og dermed ikkje søkjer seg inn i fyrstegongstenesta.
HV ungdomsgruppene slik eg forstår det, viser kva forsvaret er, byggjer karakter og tar bort usikkerheit. HV ungdomsgrupper burde vore ein moglegheit i alle distriketne. Framover treng vi «alle mann og kvinner på dekk» for nasjonen og for vår tryggleik og beredskap, og forsvaret treng mykje ressurser i form av det aller viktigaste: mennesker. Forsvaret treng personell som vil stå i arbeid i lengre periodar og ha dette som yrke. Vi treng ungdom som blir kjent med forsvaret, blir motivert til å vere der, og desse HV ungdomsgruppene kan bidra til nettopp dette.

Bjørn Arild Gram (Sp)

Svar

Bjørn Arild Gram: Som følgje av den tryggingspolitiske situasjonen frå 1990-talet og fram til i dag har som kjend Forsvaret vore nedbygd og Forsvaret har i mindre grad prioritert ressursar til Heimevernsungdommen som eit landsdekkjande tilbod til ungdom.
Heimevernsungdommen er eit godt tilbod til ungdom som er interessert i Forsvaret eller vurderer ei leiarutdanning i framtida. I tillegg har eg tru på at Heimevernsungdommen er viktig for å spreie kunnskap om Forsvaret, bidra til rekruttering og skape forsvarsvilje.
Sp/Ap-regjeringa prioriterer Heimevernsungdommen og vil leggje til rette for at Forsvaret kan auke tilbodet til Heimevernsungdommen. I samband med den nye langtidsplanen for forsvarssektoren legg regjeringa opp til å prioritere midlar til utstyr til Heimevernsungdommen, med formål å stimulera til fleire ungdomsgrupper.