Skriftleg spørsmål fra Ola Elvestuen (V) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:1427 (2023-2024)
Innlevert: 03.03.2024
Sendt: 04.03.2024
Svart på: 11.03.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Ola Elvestuen (V)

Spørsmål

Ola Elvestuen (V): I saka om godkjenning av detaljreguleringsplan for Aksla steinbrot og tilhøyrande utskipingshamn i Bremanger:
Meiner departementet på alvor at det er det samla talet på faktorar som truar eit økosystem som avgjer om ein kan tillate eitt stort inngrep i seg sjølv stort nok til å rasere heile naturområdet, og er ei slik tolking av naturmangfaldlova § 10 med «opptelling av faktorar» framfor å vurdere alvorlegheitsgraden i kvart enkelt inngrep kvalitetssikra av kompetente faginstansar, i tråd med lova sine intensjonar?

Grunngiving

I § 10 i naturmangfaldlova står følgande:

«§ 10 (økosystemtilnærming og samlet belastning) En påvirkning av et økosystem skal vurderes ut fra den samlede belastning som økosystemet er eller vil bli utsatt for.»

Kommunal- og distriktsdepartementet skriv i si grunngjeving av vedtaket om å gi grønt lys for å bygge ut det området at:

«Kommunal- og distriktsdepartementet er ikkje kjend med at naturmangfaldet i området vert påverka av andre tiltak eller andre påverknadsfaktorar enn planlagt utbygging. Tiltaket vil fragmentere og dels øydelegge ein viktig førekomst av naturtypen boreonemoral regnskog.»

Med andre ord: Området vil bli «til dels øydelagt» av eitt tiltak som departementet gir grønt lys for, men til gjengjeld er det ikkje andre planlagde tiltak som også vil øydelegge området.
Denne argumentasjonen framstår for underteikna og Venstre som mildt sagt merkeleg, i ei sak der departementet med opne auge går inn for å øydelegge ein sjeldan og viktig naturtype.
Lovgivar sin intensjon med formuleringane om ‘samla belastning’ i Naturmangfoldlova var så langt underteikna er kjent med nøyaktig det motsette: Å sikre at viktige naturverdiar ikkje blir øydelagt av summen av mange små påvirkingar som kvar for seg kanskje ikkje synes så alvorlige. Her blir dette snudd på hovudet – Kommunal- og distriktsdepartementet argumenterer for at det er greit å øydelegge en viktig naturtype og lokalitet med eit bestemt inngrep, fordi den ikke blir trua eller påvirka av andre inngrep.
Det er interessant å vite korleis departementet har utgreia den juridiske holdbarheiten av ei slik endring i lovanvendelse, og om den er kvalitetssikra med Klima- og miljødepartementet eller andre faginstansar. Det framstår som heve over tvil at lovgivars intensjon med §10 ikkje var å motivere til å konstruere opp nye og kreative argument for nye inngrep i inngrepsfrie soner, men tvert imot å redusere samla belasting på sårbare naturområde.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Naturmangfaldlova §§ 8-12 sett rammar for dei vurderingane som skal gjerast i avgjerder om arealbruken. Det følgjer av lova § 10 at det skal gjerast ei vurdering av den samla belastninga på økosystemet. Dette inneber at tidlegare og eksisterenda påverknad skal vurderast og beskrivast. Gjennom planprosessen er det avklart at det i dag ikkje føreligg andre tiltak som vil ha verknad på naturmangfaldet i planområdet. Det er desse opplysningane departementet har gjort greie for i vedtaksbrevet.
Representanten synes å meine at det har vore greitt for departementet å seie ja til planane fordi det ikkje ligg føre andre faktorar som påverkar naturmangfaldet i området. Det er sjølvsagt ikkje tilfelle, og eg kan heller ikkje sjå at det er grunnlag for å trekke den slutninga.