Skriftleg spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til digitaliserings- og forvaltningsministeren

Dokument nr. 15:1283 (2023-2024)
Innlevert: 18.02.2024
Sendt: 19.02.2024
Rette vedkommende: Kommunal- og distriktsministeren
Svart på: 28.02.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Kan statsråden opplyse hvor mange nye statlige arbeidsplasser som er etablert i Oslo og utforbi Oslo etter regjeringsskiftet?

Grunngiving

I Hurdalsplattformen står det: Nye statlige arbeidsplasser skal legges utenfor Oslo, med mindre helt åpenbare grunner tilsier noe annet. Veksten innenfor eksisterende statlige arbeidsplasser skal fordeles mer rettferdig mellom by og land.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Regjeringa sine Retningslinjer for lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg tenesteproduksjon er eit sentralt verktøy for å ivareta statlege lokaliseringspolitiske mål, og oppfølging av Hurdalsplattforma på dette feltet. Berre om lag 30 prosent av statlege arbeidsplassar er omfatta av retningslinjene. Eg har ansvar for å gje rettleiing i bruken av retningslinjene. Kvar einskild statsråd har ansvar for at retningslinjene blir gjort kjende i underliggjande verksemder som er omfatta av retningslinjene, og for at retningslinjene blir følgde.
Departementet fører ei intern oversikt som syner saker behandla etter retningslinjene for lokalisering, frå 1. november 2021 til 19. februar i år. Tala er amtrentlege, og har utgangspunkt i informasjon vi mottek frå sektordepartementa når det er fatta avgjerd om nyetablering eller flytting, og informasjonen er offentleg. Våre interne tall viser at regjeringa Støre, med bakgrunn i retningslinjene, så langt har flytta ut eller oppretta ca. 55 statlege arbeidsplassar utanfor Oslo. Av desse er ca. 45 nyetableringar. Resten er flytting frå dei største byane (Oslo og Trondheim) til mindre sentrale område.
Oppretting av nye arbeidsplassar i Oslo med bakgrunn i retningslinjene, vil vere om lag 40 årsverk i UD sin etat for eksportkontroll og sanksjoner, som er lagt til Bærum.
Eg har ikkje ei detaljert oversikt over all vekst i statlege tilsette i Oslo eller i nabokommunane til Oslo i regjeringsperioden. Ei slik total oversikt vil omfatte sektorar og område som er unntatt frå retningslinjene for lokalisering, også store felt som spesialisthelsetenesta og universitetssektoren. Her er det mange statleg tilsette både i Oslo og i nabokommunar til Oslo. Mellom anna er Akershus universitetssykehus lokalisert i Lørenskog, ein nabokommune til Oslo.
Registerbaserte tal for sysselsetting frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser talet på personar som utførte inntektsgivande arbeid over ein time i veka. Den viser at det var ein auke i talet på sysselsette innan statsforvaltninga i Oslo og nabokommunane frå 98 324 sysselsette i 2021 til 100.805 sysselsette i 2023. For heile landet auka sysselsettinga i statsforvaltninga frå 320 309 til 328 648 sysselsette.