Skriftleg spørsmål fra Liv Kari Eskeland (H) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:1267 (2023-2024)
Innlevert: 16.02.2024
Sendt: 16.02.2024
Svart på: 22.02.2024 av klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen

Liv Kari Eskeland (H)

Spørsmål

Liv Kari Eskeland (H): Kan statsråden forsikra at det vert teke ei snarleg avgjerd om regelverk for utslepp i verdsarvfjordane frå 2026, etter dialog med kommunane og  i samsvar med EØS-retten?

Grunngiving

Sjøfartsdirektoratet har i desember 2023 lagt fram to alternativ for regulering av klimagassutslepp i verdsarvfjordane. Bakgrunnen for tilrådinga er vedtak i Stortinget frå 2018 om 0-utslepp og vedtak frå 2021 om å sikra cruiseanløp i verdsarvfjordane også etter 1. januar 2026.
Kommunane, hamnene og næringslivet i verdsarvområdet må no få ei snarleg avklaring av saka slik at dei kan planleggja for vidare drift og ha evne til gjennomføra andre investeringar og utviklingstiltak til beste for miljø, økonomi  og god samfunnsutvikling
For Flåm er ei snarleg avgjerd også  viktig med tanke på å byggja landstraumanlegg, i samsvar med vedtak i Stortinget.
Aurland og Stranda kommunar med fleire har sendt klage på vedtaket frå 2018 til ESA, grunngjeve med at det er i strid med EØS-retten. Klagen er sendt frå ESA til norske styresmakter ved Klima og miljøverndepartementet.   Klagen og vurderinga av denne kan ha relevans frå utforminga av regelverket, som må vera i samsvar med gjeldande rett. Det har vore føresett tett dialog med lokale og regionale styresmakter. Dette må følgjast opp før endeleg avgjerd.

Andreas Bjelland Eriksen (A)

Svar

Andreas Bjelland Eriksen: Som også redegjort for i svar på spørsmål nr. 635 fra representanten, har vi et særlig ansvar for forvaltningen av verdensarvområdene. Nullutslippskravene kan bidra til grønnere turisme i disse områdene og samtidig stimulere til teknologiutvikling.
Departementet vurderer nå anbefalingen som er oversendt fra Sjøfartsdirektorartet. Jeg kan forsikre om at vi vil ta en avgjørelse i saken så raskt som mulig, og at vi i prosessen vil sørge for dialog med berørte kommuner samtidig som vi må ta hensyn til våre forpliktelser etter EØS-avtalen.