Skriftleg spørsmål fra Terje Kollbotn (R) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1261 (2023-2024)
Innlevert: 15.02.2024
Sendt: 16.02.2024
Svart på: 22.02.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Terje Kollbotn (R)

Spørsmål

Terje Kollbotn (R): Kva initiativ vil samferdsleministeren ta for å trappe opp ras- og flaumsikring av riksvegane, styrke beredskapsordningane når riksvegar blir stengde, og kva vil samferdsleministeren gjere for å syte for at det kjem erstatning til lokalsamfunna og verksemdene for dei store tapa dei blir påførde av stengte riksvegar?

Grunngiving

Etter nyttår har innbyggjarane i store deler av landet på nytt opplevd uvær, ras og rasfare, store temperatursvingningar, storm og flaum - og raudt farevarsel. Dei ustabile værtilhøva og klimaendringane skapar og store samferdsleutfordringar. Utrygge og stengte vegar er både ei stor belastning for innbyggjarane og samfunnet som blir ramma. Det er eit stort behov for både å trappe opp ras- og flaumsikring , styrke beredskapen når vegar blir stengde og styrke forsikrings- og erstatningsordningar når verksemder og lokalsamfunn lir store tap på grunn av stengte vegar.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Regjeringa skal etter planen leggje fram ny Nasjonal transportplan for 2025–2036 i løpet av våren 2024. Her vil regjeringa blant anna presentere ein nasjonal gjennomføringsplan for ras- og skredsikring av alle riksvegar og fylkesvegar med høg og middels skredfaktor, i tråd med målsettinga i Hurdalsplattforma.
Endringar i klimaet kan skje raskare og få meir omfattande konsekvensar enn ein tidlegare har tenkt. Øydeleggingane etter ekstremværet «Hans» i august 2023 er eit døme som kan skje oftare i framtida med klimaendringar. Å gjere infrastrukturen meir tilpassa eit framtidig klima er derfor ein sentral del av arbeidet med beredskap på samferdselsområdet. Ein viktig del av beredskapsarbeidet er å ta vare på dei vegane vi har. Prioritering av midlar til drift og vedlikehald er eit svært viktig grep for å gjere infrastrukturen rusta for eit framtidig klima. I statsbudsjettet for 2024 er det løyvd om lag 9,7 mrd. kr til drift og vedlikehald av riksvegar. Regjeringa styrka òg budsjettet til drift og vedlikehald av riksvegar med til saman 1,2 mrd. kr i revidert statsbudsjett i 2023 utover den styrkinga som alt låg inne i det opphavelege budsjettet, slik at vi fekk ei rekordhøg satsing på drift og vedlikehald i 2023.
Når det gjeld spørsmål om erstatning for tap som følje av stengte riksvegar, vil eg først generelt peike på at ein ikkje utan vidare kan krevje at ein offentleg veg blir halden open. Det vil dessutan som regel vere gode grunner om ein må stenge ein riksveg. Det vil derfor normalt ikkje vere grunnlag for å krevje erstatning om ein veg blir stengt eller om det blir innførd omkøyring. Dersom nokon meiner å ha krav på erstatning som følgje av stengt riksveg, kan slikt krav rettast til Statens vegvesen. Krav om erstatning vil bli behandla etter krava i forvaltningslova og det vil bli vurdert om dei erstatningsrettslege vilkåra er til stades.