Skriftleg spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til finansministeren

Dokument nr. 15:1228 (2023-2024)
Innlevert: 13.02.2024
Sendt: 13.02.2024
Svart på: 21.02.2024 av finansminister Trygve Slagsvold Vedum

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Vil regjeringa vurdere å innføre frikort for skatteytarar på Svalbard, slik som på fastlandet?

Grunngiving

I eit brev frå Longyearbyen ungdomsråd til underteikna 11. februar vert det peika på urettferdigheita i at unge arbeidstakarar på fastlandet kan tene opp til 70 000 kroner skattefritt, medan arbeidstakarar på Svalbard blir skatta frå første krone. Mange unge får nyttig arbeidserfaring gjennom sommarjobbar og andre deltidsjobbar, og opplever det som urettferdig at svært sparsommelege inntekter blir gjenstand for skattlegging.
Systemet for skattlegging på Svalbard skil seg på mange måtar kraftig frå systemet på fastlandet, og dei generelle skattessatsane er lågare. Likevel er det vanskeleg å sjå at det ikkje skulle vere mogleg å innføre frikort her, slik ein gjer på fastlandet, som eit bidrag til likebehandling av unge skatteytarar og som eit positivt stimuli til å skaffe seg arbeidserfaring ved sidan av skulegang. Det tapte provenyet for staten må også føresetjast å vere marginalt.

Trygve Slagsvold Vedum (Sp)

Svar

Trygve Slagsvold Vedum: Svalbardskatteloven (lov 29. november 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard) gjer Svalbard skatteteknisk til eit eige skattleggingsområde. Som du og skriv, skil skattesystemet på Svalbard seg på mange måtar kraftig frå systemet på fastlandet. Skattesystemet på Svalbard er forma med sikte på at det skal være enkelt og praktikabelt. Svalbardskatten følgjer eit to spora system: Ei særskild lønnstrekkordning for lønn og pensjon og ei ordinær skattefastsetting for andre typar inntekt.
Inntekt frå arbeid blir skattlagd ved lønnstrekk, der arbeidsgjevar held tilbake ein prosentvis del av brutto lønn som eit endeleg skatteoppgjer. Lønnstrekkordninga omfattar lønn, pensjon og enkelte ytingar etter folketrygdloven. Skattesatsen er 8 pst. for årsinntekt opp til 12 G og 22 pst. for overskytande inntekt. For arbeidstakarar med medlemskap i norsk folketrygd blir det i tillegg berekna ei trygdeavgift på 7,8 pst av lønn. Det blir ikkje berekna arbeidsgjevaravgift på Svalbard.
Ein stor del av befolkninga på Svalbard har forholdsvis korte opphald der, og mange kjem frå andre land enn Noreg. For utanlandske arbeidstakarar vil det ofte mangle lønnshistorikk som gjev grunnlag for å fastsette forskotstrekk, og det vil også kunne bli vanskeleg å inndrive restskatt etter utreise frå Svalbard. Dette er ein viktig del av grunngjevinga for lønnstrekkordninga. Slike system blir òg brukte utanfor Svalbard. Systemet blir gjerne omtalt som PAYE («Pay As You Earn»).
Anna inntekt enn lønn og pensjon (til dømes kapitalinntekt og næringsinntekt) blir i hovudsak skattlagd etter dei same reglane som på fastlandet, men med ein lågare skattesats på 16 pst.
Når det gjeld spørsmålet om frikort, har forskjellane i lønnskattlegginga mellom Svalbard og fastlandet stor betydning.
I lønnstrekkordninga på Svalbard blir skatt og eventuell trygdeavgift berekna frå fyrste krone. Det blir ikkje gitt frådrag i utrekningsgrunnlaget for skatten, og det er inga frikortgrense.
Frikortgrensa på fastlandet er ein konsekvens av botnbeløp for inntektsskatt og nedre grense for trygdeavgift. Personfrådraget utgjer i år 88 250 kroner, og skattytarar med rett til personfrådrag betaler ikkje inntektsskatt på beløp under dette. Den nedre grensa for å svare trygdeavgift er sett til 69 650 kroner. Over dette skal det betalast trygdeavgift etter ein opptrappingssats, fram til det gjev lågare trygdeavgift å betale etter dei ordinære satsane av heile inntekta. Sidan det ikkje blir kravd restskatt for beløp under 100 kroner inkl. renter, er frikortgrensa noko høgare. Den nedre grensa for å svara trygdeavgift gjev saman med innkrevjingsgrensa ei frikortgrense på 70 000 kroner. Frikortgrensa blir ofte sett på som ei moglegheit for ungdom til å ha ei viss arbeidsinntekt utan å betale skatt, men gjeld generelt for alle aldersgrupper. Det er viktig å merke seg at nedre grense for trygdeavgift ikkje er eit botnfrådrag, men på grunn av opptrappinga berre har betydning for lønn opp til om lag 101 200 kroner. For lønn over dette, er skatten ikkje påverka av den nedre grensa for trygdeavgift.
Det er positivt at unge skaffar seg arbeidserfaring, og eg har stor forståing for at det er frustrerande å betale skatt på Svalbard, når tilsvarande utbetalingar på fastlandet er skattefrie. Men systemet med frikort som vi har på fastlandet, kan ikkje overførast i same form til den enkle lønnstrekkordninga som gjeld på Svalbard. Dersom det skal innførast ei ordning som gjer at ungdom på Svalbard kan ta småjobbar utan å betale inntektsskatt, må dette gjennomførast i form av eit særskilt inntektsfrådrag eller eit frådrag i fastsett skatt. Å innføre frådrag i lønnstrekkordninga reiser fleire problemstillingar, mellom anna korleis frådraget kan samordnast i tilfelle der det er fleire arbeidsgjevarar. Ei slik ordning vil komplisere lønnstrekkordninga og det er ein del skattetekniske utfordringar knytt til dette. Mogleg innretting og verknadene av ei slik ordning må eventuelt utgreiast nærare.