Skriftleg spørsmål fra Liv Kari Eskeland (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1157 (2023-2024)
Innlevert: 06.02.2024
Sendt: 07.02.2024
Svart på: 13.02.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Liv Kari Eskeland (H)

Spørsmål

Liv Kari Eskeland (H): Kan statsråden gjera greie for effekten Hordfast vil få på dei to store prosjekta Svegatjørn-Rådal og Rogfast når Hordfast er på plass, hvor effekt meines uthenta samfunnsnytte samt nedbetalingstid for prosjekta (Det er også av interesse å få oppgitt den negative effekten for kvart år Hordfast vert utsett)?

Grunngiving

Fire felt Svegatjønn – Rådal er no ferdigstilt, og Rogfast skal stå ferdig i 2033. Dette er store, viktige prosjekt som begge er ledd i å gje ein effektiv og hensiktsmessig kommunikasjon langs vestlandskysten mellom Bergen og Stavanger. Men prosjekta og samfunnet får ikkje på langt nær full utteljing for dei investeringane som er gjort på desse prosjekta før Hordfast er på plass.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Representanten stiller spørsmål med kva samfunnsnytte prosjekta E39 Svegatjørn–Rådal og E39 Rogfast får som følgje av at E39 Stord-Os (Hordfast) vert bygt. Når ein gjer berekningar på samfunnsøkonomisk lønnsemd av prosjekt, så vert det gjort etter retningslinjene i Handbok V712 til Statens vegvesen. Då reknar ein på konsekvensane som følgje av eit prosjekt for samfunnet som heilheit. I desse berekningane vert effekten av å byggje prosjektet samanlikna med ein referansesituasjon der prosjektet ikkje vert bygt.
Nytten av Hordfast på dei prosjekta som representanten nemner, er inkludert i dei berekningane som vert gjort av samfunnsøkonomisk lønnsemd for E39 Stord-Os (Hordfast)-Effekten av E39 Rogfast og E39 Svegatjørn-Rådal er inkludert i dei samfunnsøkonomiske verknadane av prosjektet Hordfast som heilheit. Det er ikkje mogleg ut frå desse berekningane å isolere effektane av E39 Rogfast og E39 Svegatjørn–Rådal spesielt.
Når det gjeld konsekvensane for bompengeinnkrevjinga vil ferdigstilling av E39 Stord-Os (Hordfast) føre til noko auke i trafikken for E39 Svegatjørn–Rådal og E39 Rogfast. Med trafikk på E39 Stord–Os (Hordfast), vil den trafikkauken som kjem kunne gje noko auke i bompengeinntektene og dermed føre til noko reduksjon i anten innkrevjingstid eller bompengetakst på dei to prosjekta E39 Svegatjørn–Rådal og E39 Rogfast. Det er likevel vanskeleg å talfeste denne reduksjonen, då det er avhengig av mange faktorar.