Skriftleg spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1152 (2023-2024)
Innlevert: 06.02.2024
Sendt: 06.02.2024
Svart på: 09.02.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren leggje fram for meg absolutt alle transaksjoner inn og ut frå Statens vegvesen ang arkeologiske utgravingar og grunnundersøkelsar for prosjektet Møreaksen, som også innbefattar alle transaksjonar mellom Statens vegvesen sjølv samt deira utøvande oppdragspartnere for arkeologiske utgravingar og grunnundersøkelsar, samt mellom Statens vegvesen og Aukra kommune, Kjerringsundet as, Møreaksen AS?

Grunngiving

Samferdselministeren har i svar på spørsmål nr. 1091 til skriftleg besvarelse, svart at der ikkje foreligg låneavtale med Aukra kommune eller Kjerringsundet as ang utbygging av Møreaksen.
Spørsmålet er heller ikkje besvart då spørsmålet var om det ulovlege lånet mellom statens vegvesen og Møreaksen as har blitt forbrukt i praksis.
Det er og merkeleg det statsråden svarar ang Kjerringsundet as og ang Aukra kommune, eg siterar frå sak 20/00457-9 kommunestyret i Aukra kommune den 8/4-2021:

"1. Aukra kommunestyre vedtar ei bevilling på inntil kr 55 mill til gjennomføring og forskottering av arkeologiske utgravingar for tilrettelegging for snarast mogleg realisering av Kjerringsundet og
Møreaksen
2. Finansiering: fond til fastlandsløysing
3. Kommunestyret ber kommunedirektøren kome tilbake med eiga sak om detaljerte planer og
avtaler til godkjenning."

Vidare står der:

"Bakgrunn
Aukra kommune har mottatt søknad (vedlagt) frå Kjerringsundet As om bevilling og forskottering til arkeologiske utgravingar i samband med bygging av vegsambandet Kjerringsundet og Møreaksen.
Bakgrunn for søknaden er positiv innstilling i forslag til nasjonal transportplan (NTP) 2022-2033 om oppstart Møreaksen i første planperiode. Mogleg byggestart for samtidig oppstart av Kjerringsundet og
Møreaksen vil kunne vere 2023. For å kunne starte bygging i 2023 må arkeologiske utgravingar vere ferdig innan 2023. Då må utgravingane starte allereie i 2021."

Resten av det ulovlege vedtaket om ulovleg lån til Statens vegvesen kan statsråden lese sjølv i saksutgreiinga i saka.
i utdrag av søknaden står følgjande:

"Søknad
Kjerringsundet AS vil med dette be Aukra kommune om å bevilge et budsjett på inntil kr 55 millioner til gjennomføring og forskuttering for arkeologiske arbeider ifm tilrettelegging for raskest mulig
realisering av Kjerringsundet og Møreaksen.
Kjerringsundet AS vil koordinere arbeidet med å fremskaffe detaljerte planer, avtaler m.m. Disse vil bli lagt frem for administrasjonen i Aukra kommune for innspill og godkjenning før Kjerringsundet AS
signerer."

Vidare i sak PS 84/22 kommunestyret i Aukra står det:

"Av tidlegare kommunestyrevedtak om 55 mill kr til gjennomføring og forskottering av m.a arkeologiske utgravingar er omlag 25 mill kr utbetalt."

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård:

Svaret i pdf-format