Skriftleg spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:1147 (2023-2024)
Innlevert: 05.02.2024
Sendt: 06.02.2024
Svart på: 13.02.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Hva har folkeavstemningen i Søgne og Songdalen kosta staten økonomisk å gjennomføre?

Grunngiving

Det er behov for å prioritere å stramme inn på den offentlige pengebruken. Å gjennomføre en folkeavstemming mot kommunestyret sitt ønske for så å få folk sin tilbakemelding at de er fornøyde med størrelsen på kommunen sin, blir neppe sett på som viktig pengebruk. Denne prosessen har kosta mykje for statsforvalteren, valgdirektoratet og departementet.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Regjeringa ønskte å gjennomføre folkeavrøystingar om eventuell deling av Kristiansand kommune i dei områda som utgjorde tidlegare Søgne og Songdalen kommune for å få desse innbyggjarane sine innspel om saka.
Valdirektoratet har hatt utgifter knytt til folkeavrøystingane, men har førebels ikkje endeleg oversyn over dei eksakte utgiftene. Direktoratet anslår å bruke om lag 1 000 000 kroner til eksterne leverandørar. Desse kostnadane er knytt til bistand til utvikling av den elektroniske løysinga, førebuing og utarbeiding av fysisk materiell, informasjonsprodukt, produksjon av materiell og distribusjon av røystepakkar og brevrøyster til over 15 000 veljarar. Det svarar til 65 kroner for kvar veljar. I tillegg kjem bruk av interne ressursar som til dømes arbeidskraft. Utgiftene blir dekt innanfor tildelt løyving.
Statsforvaltaren i Agder og departementet har ikkje hatt ekstra kostnader til gjennomføringa av folkeavrøystingane, utover arbeidsinnsats frå enkeltmedarbeidarar.
Folkeavrøystingane har i tillegg til å gi innbyggjarane i Søgne og Songdalen moglegheit til å seie si meining om deling av kommunen, gitt nye erfaringar og lærdom til tilsette som arbeider med val og demokrati i både Valdirektoratet og departementet. Direktoratet har også fått kompetanse på og moglegheit til å utvikle ei ny digital løysing, som vi vil vurdera å utvikle vidare slik at kommunane kan nytta det i andre digitale folkeavrøystingar.