Skriftleg spørsmål fra Grete Wold (SV) til forsknings- og høyere utdanningsministeren

Dokument nr. 15:1128 (2023-2024)
Innlevert: 02.02.2024
Sendt: 05.02.2024
Svart på: 09.02.2024 av forsknings- og høyere utdanningsminister Oddmund Hoel

Grete Wold (SV)

Spørsmål

Grete Wold (SV): Mener statsråden at godkjente doktorgrader skal kunne underkjennes som «vitenskapelig meritt» i en opprykkssammenheng?

Grunngiving

En ansatt ved UiB har fått sin søknad om opprykk til professor avslått med henvisning til at hans (enstemmig) godkjente og ferdigdisputerte avhandling ikke holdt mål som vitenskapelig kvalifikasjonsgrunnlag, med en begrunnelse om at:

«Det er stor forskjell mellom å godkjenne en innlevert avhandling som god /tilfredsstillende og verdig til forsvar og det å tillegge en slik avhandling særskilte vitenskapelige meritter».

Begrunnelsen for avslaget vakte sterke reaksjoner, jfr. oppropet «Forsvar doktorgradens plass i Akademia». I dette oppropet retter ti professorer/dekaner en anmodning til UiB-ledelsen om å gå inn i saken, blant annet fordi de frykter for at den ville kunne bidra til å undergrave doktorgradens anseelse i samfunnet generelt. Anmodning er ikke blitt tatt til følge.
Saken ble derfor klaget inn til departementet, som igjen viste tilbake til UiB. Departementet svarte at de legger til grunn at UiB følger gjeldende retningslinjer.
Det kan fremstå som at det er variasjoner mellom fagmiljø i hva som er nødvendige krav for å kunne kvalifisere seg til et professorat, og at det vil kunne være nødvendig med en oppklaring i hva som er gjeldende vurdering av en doktorgrad i en opprykkssammenheng.

Oddmund Hoel (Sp)

Svar

Oddmund Hoel: Eg vil understreke at ein vurderingskomité for professoropprykk ikkje skal føreta ein ny vurdering av om ei doktorgradsoppgåve skal godkjennast. Ei godkjent doktorgradsoppgåve er framleis formelt godkjent uavhengig av ei vurdering av ein vurderingskomité for tilsetjing eller opprykk, og oppgåva representerer dermed ein formell kvalifikasjon som blir kravd for tilsetjing eller opprykk i stilling som professor, jf. forskrift om tilsetjing og opprykk §§ 1-2, jf. § 2-1.
Vurderingskomiteen skal vurdere om det ligg føre eit «vitskapleg nivå i samsvar med etablerte internasjonale eller nasjonale standardar», jf. forskrift om tilsetjing og opprykk i undervisnings- og forskarstillingar § 1-2 (1), jf. § 2-1. Ein vurderingskomité skal dermed gjere ei vurdering av dei vitskaplege merittane til søkjaren, og om desse representerer eit tilstrekkeleg vitskapleg nivå for opprykk. Ei samla vurdering av kor sterke dei faglege merittane til ein søkjar er sett opp mot kriteria for opprykk til ei høgare stilling, er ei anna vurdering enn vurderinga som vart gjennomført av ein doktorgradskomité, og blir gjord på sjølvstendig grunnlag. Vurderingskomiteen skal gjere ei samla vurdering, og doktorgradsavhandlinga vil normalt berre vere ein del av ei slik samla vurdering.
Kunnskapsdepartementet korkje kan eller bør meine noko om dei faglege vurderingane til ei sakkunnig komité eller korleis institusjonane former ut interne prinsipp for opprykk.
Institusjonane må følgje sentrale og lokale krav som er fastsette ved behandling av søknader om professoropprykk. Eg føreset at våre institusjonar følgjer dette regelverket, og at søknader blir behandla på ein føreseieleg måte.