Skriftleg spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til kultur- og likestillingsministeren

Dokument nr. 15:1124 (2023-2024)
Innlevert: 31.01.2024
Sendt: 05.02.2024
Svart på: 12.02.2024 av kultur- og likestillingsminister Lubna Boby Jaffery

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Diskuterte kultur- og likestillingsministeren problem knytt til propaganda då ho 29. januar møtte Det kinesiske kommunistpartiet sin propagandaansvarlege Sun Yeli?

Grunngiving

29. januar 2024 møtte statsråden den kinesiske ministeren Sun Yeli. I tillegg til å vere minister for kultur og turisme, er Sun Yeli i leiinga for den kinesiske staten og det kinesiske kommunistpartiets organ som er ansvarlege for mellom anna å spreie propaganda og drive sensur. Så vidt underteikna kjenner til var ikkje norsk sivilsamfunn eller media til stades under møtet. V-dem Institute sin «Democracy report for 2023» understrekar at proganda og sensur er ei stor global utfordring mot demokrati og fridom. Rapporten dokumenterer også at ein globalt ser at forholda for demokrati i verda har blitt dramatisk svekka dei siste ti åra. I følgje rapporten blei ytringsfridom i 2022 svekka i 35 land, medan for ti år sidan skjedde dette berre i 7 land. Statleg sensur av media blei i 2022 forverra i 47 land globalt. Det er ikkje tvil om at land som Kina går i bresjen for denne utviklinga.

Lubna Boby Jaffery (A)

Svar

Lubna Boby Jaffery: Det er rett at eg trefte Kina sin kultur- og turismeminister Sun Yeli på eit møte i Nasjonalmuseet då han var i Noreg 29. januar. I møtet drøfta vi kunstnarleg og kulturelt samarbeid mellom Noreg og Kina. I dialogen med ministeren var eg tydeleg på at ytringsfridom, inkludert kunstnarleg fridom og mediefridom er viktige prinsipp i kulturpolitikken. Dei er ein føresetnad for at norske kunstnarar og kulturaktørar kan arbeide og virke fritt – både i Noreg og i utlandet, og i interaksjon med utanlandske kollegaer. Eg la òg vekt på at media, slik som med kunsten, spelar ei viktig rolle i demokratiet, og må vere fri.
Noreg og Kina har ulike syn på ei rekke spørsmål, men dette bør ikkje stå i vegen for dialog og utveksling av synspunkt og erfaringer. Eg er interessert i langvarig dialog med kinesiske styresmakter om viktige tema som menneskerettar, kunstnarleg ytringsfridom og mediefridom, både bilateralt og i internasjonale fora.