Skriftleg spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1075 (2023-2024)
Innlevert: 30.01.2024
Sendt: 31.01.2024
Svart på: 07.02.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren forklare kvifor det ikkje blir brukt brøyteutstyr som får snøen skikkeleg vekk frå vegbana, kva ulike brøyteutstyr som finnast og kva som er lagt opp til bruk på dei ulike vegtypane og vegstandardane, og ved ulike snømengder?

Grunngiving

Brøyteutstyr på våre veier har endra seg over tid, og eg registrerar at dagens brøytebilar både køyrer svært sakte og har såleis problem med å få snøen skikkeleg unna veien ved mykje snø.
Slik eg har forstått dette er brøyteskjere på brøytebilane berekna til ei fart på mellom 30-40 km/t, der brøyteutstyret tidligar hadde fart på kanskje mellom 60-70 km/t med ploger som kastet snøen godt ut av vegen. Slikt utstyr blir sikkert brukt på fjellovergangar fortsatt.
Ved lav fart på brøytebilane blir dette også ei utfordring ofte pga. svært lange køer, som også medfører farlige forbikøyringar og farlige situasjoner.
Denne vinteren har det også vore mykje snø på våre større motorvegar og firefeltsvegar, der eg har registrert at ein ikkje får snøen ut av vegen, noko som medfører ei smalare reell køyrebane. Dette oppstår både på to og firefeltsveg.
Det er også slik at brøyting på firefeltsveg foregår med brøyteutstyr som trekker all snø mot den eine sida av vegen, som egentlig sikkert forverrar denne situasjonen. Farta er like lav og det dannast raskt svært lange køer i trafikken, som sjølvsagt også forverra muligheita til effektiv brøyting.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Jobben med å brøyte vegane blir utført av entreprenørar på oppdrag frå vegeigar. Entreprenørane bruker det brøyteutstyret som er best eigna for oppgåvene og forholda dei jobbar under. Statens vegvesen kan i nokre tilfelle sette spesielle krav i kontraktane med entreprenørane. Døme på dette kan vere krav til bruk av plogar med ekstra gummiskjer for å fjerna slaps på vegar som saltast og sideplog på vegar med stor breidde eller fleire felt.
Brøyteplogane fjernar snøen best ved brøytehastigheit opp til 40 km/t. Viss dei brøyter med høgare hastigheit, vil meir av snøen bli liggjande igjen etter plogen. Brøyting med høg hastigheit kan også skade skilt og anna utstyr langs vegen. Det kan også skape farlege situasjonar viss plogen treffer humpar, hol eller liknande på vegen.
Det mest brukte brøyteutstyret er diagonalplogar og kombinasjonsplogar. Diagonalplogar skyver snøen til berre høgre side, medan kombinasjonsplogar er vendbare og kan skyve snøen til begge sider. Desse plogane er godt eigna på vegar med mykje trafikk, god breidde og moderate snømengder. I byar og tettstader nyttast også plogar med brattare angrepsvinkel og avfjørande skjer for å redusere faren for hekting og skader på kumlokk, kantsteinar, fuger og andre kantar i vegbana. På vegar med fleire felt i same retning køyrar fleire brøytebilar etter kvarandre for å flytte snøen over heile vegbreidda i ein operasjon.
På vegar med mykje snø brukast spissplogar. Dei har gode kasteeigenskapar og kastar begge vegar. Desse er godt eigna på høgfjellsvegar med lite, eller ingen, møtande trafikk, ved kolonnekøyring og ved vegopning etter kraftige snøfall. På vegar med ein sole av snø kan også underliggjande skjer på brøytebilen brukast for å halda nede tjukkleiken på solen, i tillegg til å forbetre friksjon i denne.
Statens vegvesen har utarbeida ei eiga lærebok og læremateriell for vinteroperatørar med tilrådingar om utføring og utstyr for brøyting. Entreprenørane skal gjennomføre naudsynt opplæring av arbeidsleiarar og operatørar, og desse må gjennom ein kompetansetest for å vise at dei har naudsynt kunnskap.