Skriftleg spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til næringsministeren

Dokument nr. 15:1071 (2023-2024)
Innlevert: 30.01.2024
Sendt: 30.01.2024
Svart på: 07.02.2024 av næringsminister Jan Christian Vestre

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Stemmer det at Eksportfinansiering Norge stilte krav om at Aker måtte få minst 50 prosent eigarskap i Solstad Offshore for å vere med på å stille lånegarantiar i samband med restruktureringa av selskapet?

Grunngiving

I ein artikkel i Dagens Næringsliv 23. januar, hevdar minoritetsaksjonæren Pointillist at Pareto, i samband med restruktureringa av Solstad Offshore hausten 2023, formidla til aksjonærane at Aker måtte "eie en majoritet av Solstad" for at kreditorane skulle stille med lånegarantiar i samband med restruktureringa av selskapet.
Dette har møtte hard kritikk frå andre aksjonærar, som opplever at deira verdiar har blitt vatna ut i emisjonen.
Eksfin er ein etat under nærings- og fiskeridepartementet, og det er av interesse å få klargjort om det stemmer at Eksfin som kreditor har stilt eit slikt krav, og om departementet som eigar har noko syn på korleis ein skal ivareta likebehandling av aksjonærar i dei selskapa Eksfin gir statlege lånegarantiar.

Jan Christian Vestre (A)

Svar

Jan Christian Vestre: Formålet med Eksfin er å fremma verdiskapande eksport ved å stilla lån og garantiar. Dette bidrar til verdiskaping og arbeidsplassar i heile landet og til at norske bedrifter lykkast i internasjonale marknadar. Å vurdera søknadar om lån og garantiar inneber at ein må gjera vurderingar av blant anna kredittverdigheit, lønsamheit og andre finansielle element, miljø og klima, sosiale forhold og juridiske forhold. Dette er eit omfattande og krevjande arbeid som forutsett spesialisert kompetanse. Ansvaret for å vurdera og ta avgjersler i enkeltsaker er derfor delegert til Eksfin. Dette er forankra i NFDs hovudinstruks til Eksfin som stadfester at «styret har ansvaret for […] beslutninger i låne- og garantisøknader og krav om erstatning, samt fastsette vilkår» (punkt 3.2.1). Eksfin har i denne saken opplyst at kontrakten om refinansieringa av Solstad Offshore ASA er ein konfidensiell avtale mellom låntakar og kreditorane og at informasjonen som blir etterspurt er forretningssensitiv. Informasjonen er dermed underlagt teieplikt.
Som representant Rotevatn har uttalt i media er det viktig at offentlegheita har innsikt i det statlege etatar driv med. Handlingsrommet til Eksfin er stadfesta i regelverk, hovudinstruks og tildelingsbrev som er offentleg. Mandatet til Eksfin i misleghaldssaker er å ivareta interessene og sikra mest mogleg gjenvinning av verdiane til staten. Viss debitor ikkje er i stand til å betena gjelda som avtalt, har Eksfin ein rekke prosedyrar og verkemidlar for å sikra ei høgast mogleg gjenvinning av verdiane til staten. Eksfin agerer då som ein kreditor på linje med bankane som Eksfin har finansiert prosjekta/selskapa saman med. Eksfins regelverk gir Eksfin handlingsrom bl.a. til å utsetta avdrag og renter, realisera pant, fremma konkursbegjeringar og/eller yta nye lån på marknadsmessige vilkår. Eksfin har også moglegheit til å konvertera gjeld til aksjar som seinare blir selt. Eksfin er alltid ein aktiv deltakar i slike prosessar og har tett dialog med dei andre bankane i kvart engasjement for å finna ei felles løysing saman med selskapet. I dette arbeidet vurderer Eksfin aktuelle handlingsalternativ og arbeidar for løysinga som ein vurderer at vil gi størst mogleg gjenvinning for staten.