Skriftleg spørsmål fra Tage Pettersen (H) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:1001 (2023-2024)
Innlevert: 23.01.2024
Sendt: 23.01.2024
Svart på: 30.01.2024 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Tage Pettersen (H)

Spørsmål

Tage Pettersen (H): Hvorfor tar behandlingen av NOU 2020: 14 Ny barnelov ekstra lang tid?

Grunngiving

På Dagsrevyen 22. januar 2024 ble det sagt at det kommer endringer i barneloven neste år.
Ifølge nettstedet vi.no opplyste departementet våren 2023 at de tok sikte på at forslaget til ny barnelov legges frem i 2024. Høringsfristen gikk ut 06.05.2021, og utkastet til ny barnelov har siden den gang ligget til behandling i departementet.
Dette arbeidet har tatt veldig lang tid, noe som rammer flere familier og barn negativ.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Barnelovutvalet la i desember 2020 fram forslag til ny barnelov i NOU 2020: 14. Utgreiinga blei sendt på høyring med frist 1. mai 2021. I arbeidet med å følgje opp fråsegna frå høyringsinstansane, har departementet gjort ytterlegare utgreiingar på fleire område. Dette har vært naudsynt, mellom anna for å oppfylle kravet i utgreiingsinstruksen om å greie ut og vurdere verknadar av dei aktuelle tiltaka, og å identifisere alternative tiltak.
Utvalet sitt forslag gjeld ei ny og heilhetleg lov, og eg har i arbeidet med oppfølging av NOU-en vald å ta omsyn til dei nye spørsmåla som eg er bede om å utgreie.
Det følgjer av regjeringsplattforma at regjeringa vil «Sørgje for at likestilt foreldreskap blir understøtta i ny barnelov, og vurdere å gjere delt bustad til barnelovas hovudregel».
Vidare har Stortinget fatta to oppmodingsvedtak som gjeld samværshindring. Det eine gjeld å utgreie strengare reaksjonar som kan motvirke samværshindring og det andre gjeld å gå gjennom regelverket for barnebidrag for å sikre at økonomi ikkje blir ein drivande faktor for samværshindring. Som del av dette arbeidet, har departementet gitt Bufdir eit oppdrag som gjeld samværshindring og eit anna oppdrag som gjeld samvær med tilsyn. I tillegg har Bufdir hatt ansvaret for å leie ei arbeidsgruppe om registrering av «foreldreansvar ukjent». Departementet har i tillegg innhenta ei ekstern utgreiing som gjeld samordning mellom barnelova og barnevernslova i saker som både er ei sak om tvang etter barnevernslova og ei foreldretvist etter barnelova (dobbeltsporsaker) .
For å jobbe kunnskapsbasert, har departementet mellom anna tatt initiativ til å oppdatere kunnskapsoversikta til Folkehelseinstituttet om norsk og internasjonal forsking som gjeld «Samværs- og bostedsordninger etter samlivsbrudd: betydninger for barn og unge». I tillegg har departementet fått gjennomført ein analyse av data frå samværs- og bustads-undersøkinga frå 2020, som gir grunnleggande kunnskap om delte familiar i Noreg, og utviklinga på feltet dei siste 20 åra.
Arbeidet med ny barnelov tar dermed lengre tid enn eg først tok sikte på. Framlegging er ikkje varsla til stortinget denne vårsesjonen, men arbeidet er prioritert og ny lov vil bli lagt fram for Stortinget så raskt det vil la seg gjere.