Skriftleg spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:911 (2023-2024)
Innlevert: 14.01.2024
Sendt: 15.01.2024
Svart på: 19.01.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Auka bruk av desentraliserte/staduavhengige arbeidsplassar vart gitt som ei ny fellesføring frå regjeringa til alle statlege verksemder i tildelingsbreva for 2023, med krav om rapportering ved årsslutt.
Kor mange statlege verksemder har rapportert om høvesvis auka, uendra eller mindre bruk av desentralisert arbeidsstad i 2023, kor stor auke har det samla vore i desentraliserte stillingar i statlege etatar i 2023 og kor mange staduavhengige stillingar i staten har blitt utlyst i løpet av 2023?

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Regjeringa har som ambisjon å auke bruk av stillingar i staten som vert lyste ut med høve til desentralisert arbeid, eller som arbeidsgjevar vel å tilby tilsette som alternativt ville ha slutta i verksemda. Det vil seie at statlege arbeidsplassar som i dag er lokaliserte i dei største byane eller dei mest sentrale områda av landet, i større grad kan gjerast tilgjengelege for arbeidstakarar i distriktskommunar ulike stader i landet. Målet er å styrkje lokale fagmiljø for å oppnå distriktspolitisk vinst.
Kommunal- og distriktsdepartementet har ikkje dei tala som Bjørlo ber om. Bruken av og erfaringane med desentralisert arbeid i staten er lite dokumenterte. I den årlege kartlegginga til DFØ av talet på tilsette i staten blei det i 2022 stilt spørsmål til statlege verksemder om bruken av desentralisert arbeid. Mange hadde ikkje uttømmande oversikter, og låg datakvalitet gjorde at resultata frå undersøkinga ikkje vart gjort offentleg. Intern gjennomgang av dei data som finst, kan likevel tyde på at bruk av desentralisert arbeider lite utbreidd. Dei fleste som utførte desentralisert arbeid, gjorde det frå heimen, og berre eit fåtal arbeidde frå kontorfellesskap utanfor verksemda. Den viktigaste årsaka til at verksemdene brukte desentralisert arbeid, var for å rekruttere eller halde på kritisk kompetanse.
Tilrettelegging for desentralisert arbeid vart gitt som ei fellesføring i tildelingsbreva til alle statlege verksemder i 2023. Verksemdene skal i årsrapporten for 2023 gjere greie for si vurdering av moglegheitene for desentralisert arbeid, omfang og bruk av desentralisert arbeid og erfaringane med dette. Dersom verksemda ikkje har hatt auke i desentralisert arbeid eller dersom bruken har gått ned, skal det gjerast greie for årsaka til dette. Frist for verksemda si oversending av årsrapporten til sitt overordna departement er 15. mars. Departementet skal publisere årsrapporten frå underliggande verksemder på departementet sine nettsider innan 1. mai. Departementa skal samanfatte rapportane frå sine verksemder og sende til Kommunal- og distriktsdepartementet, som på grunnlag av desse skal gjere ei samla vurdering av erfaringar med slikt desentralisert arbeid i statlege verksemder.
For å auke kunnskap om desentralisert arbeid har departementet i tillegg lyst ut ein konkurranse om å kartlegge statlege verksemder sine vurderingar av og erfaringar med desentralisert arbeid.
Eg viser avslutningsvis til tidlegare kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik sine svar til Stortinget i 2022 og 2023, på spørsmåla 15:2348 (2021-2022), 15:2447 (2021-2022), 15:820 (2022-2023), og 15:2031 (2022-2023) om same tema.