Skriftleg spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:906 (2023-2024)
Innlevert: 13.01.2024
Sendt: 15.01.2024
Svart på: 22.01.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Er statsråden samd i at dyre rekkefølgekrav frå fylkeskommunane er ein utfordring for spreidt bustadbygging i distriktet?

Grunngiving

Målet er at folketalet skal auke i distriktskommunane sa regjeringa då distriktsmeldingen kom. Det er mange grunnar til at det er utfordrande å få auka folket i distriktene. Ein sak som etter mitt inntrykk blir hyppigare og hyppigare ein utfordring er krav frå fylkeskommunane om dyre investeringar for å få godkjent auka bruk av avkjørslar til fylkesvegnettet. Ofte i distriktet er det som statsråden kjenner til ungdom som ynskjer å byggje bustad i heimbygda. Når slike krav kjem og dette eine huset må forskottere / ta heile investeringa for å gjera fylkeskommunen fornøgd og avkjørselen godkjent etter ei handbok, er det svært fordyrane for dei som skal byggje. På den måten blir man pressa til å velje å bu anna stad i kommunen gjerne i bustadfelt eller flytte til ein by. Etter mitt syn må slik rekkefølgekrav og krav til avkjørslar stå i stil. Det er ikkje bærekraftig for distrikta om spreid bustadbygging nærmast skal vera umogleg om slike fordyrande krav slår inn.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Eg takkar stortingsrepresentant Njåstad for spørsmålet.
Regjeringa ønskjer å styrke busetjinga i heile landet. Vi ønskjer å leggje til rette for meir bustadbygging i område med liten befolkningstettleik. Dei folkevalde i kommunane må i sine vurderingar ta heilskaplege omsyn til lokale tilhøve, regionale interesser og ulike nasjonale føringar i til dømes statlege planretningslinjer for samla bustad-, areal-, og transportplanlegging.
Det er vegstyresmakta som stiller krav til korleis avkøyrsler til offentleg veg må utformast, anten gjennom eit einskild løyve om avkøyring eller gjennom arealplanane til kommunane. Dei tekniske krava har da til formål å ivareta måla i blant anna Nasjonal Transportplan om eit trygt og effektivt vegsystem.
Plassering og bruk av ei avkøyrsel bør som utgangspunkt avklarast gjennom planprosessar etter plan- og bygningslova, slik at ein meir heilskapleg kan vurdere areal/utbyggingsmønster og vegsystemet i samanheng. Plan- og bygningslova gir kommunane heimel til å gi føresegner i arealplanar om lokalisering og bruk av strengleikslasser for avkøyrsler til veg. Statens vegvesen sin vegnormal N100 skal leggjast til grunn for krav til utforming av det offentlege vegnettet. Avkøyrsler frå offentleg veg blir da godkjent i det kommunale planvedtaket, og krev ikkje behandling etter veglova.
Ligg det ikkje føre nokon plan etter plan- og bygningslova, eller planen ikkje omfattar avkøyrsler, må avkøyrsel frå offentleg veg ikkje byggast eller nyttast utan løyve frå vegstyremakta. Auka bruk av eksisterande avkøyrsler krev også nytt løyve. Med heimel i veglova § 43, kan vegstyremakta gi føresegner om tekniske krav til avkøyrsla. Desse føresegnene gjeld også for fylkesveg dersom ikkje anna er bestemt av fylkeskommunen.
Plan- og bygningslova gir også kommunane høve til å stille rekkefølgjekrav i område der dei ønskjer å byggje bustadar. Formålet med rekkefølgjekrav er å sjå til at planområdet blir bygd ut på ein koordinert og hensiktsmessig måte. At tilkomst, vatn og avløp er på plass, er ein heilt nødvendig føresetnad for bustadbygging. Rekkefølgjekrav om avkøyrsle hindrar at utbygging skjer før nødvendig avkøyring er på plass. På denne måten skal ein sikre at bustadar får trygg tilkomstveg. I kva grad rekkefølgjekrav er dyre å gjennomføre vil vere avhengig av kva for krav som må vere oppfylte for at avkøyrsla skal vere trygg. Det er derfor ikkje gitt at rekkefølgekrav er dyre og at dei vil hindre spreidt bustadbygging.
Kommunen skal sikre at rekkefølgjekrav om offentleg infrastruktur blir følgt, men det kan tidvis ta tid før kommunen har middel og kapasitet til å prioritere å oppfylle rekkefølgjekrav. Private utbyggjarar har ikkje ei plikt til å gjennomføre eit rekkefølgjekrav i arealplan, men eit rekkefølgjekrav som ikkje er oppfylt vil hindre at ein utbyggjar får byggjeløyve. Utbyggjarar kan velje å gjennomføre rekkefølgjekravet gjennom ein utbyggingsavtale.
Sjølv om det ikkje er stilt rekkefølgjekrav, kan utbyggjarar etter omstende uansett ha ei plikt til å opparbeide offentleg veg før dei til dømes skal oppføre ein bustad. Avkøyring er omfatta av plikta, da dei må byggje frå ein allereie godkjent offentleg veg. Ein utbyggjar som må byggje avkøyrsle som følgje av opparbeidingsplikta, kan etter plan- og bygningslova krevje refusjon frå eigarar av tilstøtande eigedomar som får fordel av opparbeidinga. Reglane om refusjon vil vere med på å påverka kva for kostnadar den einskilde utbyggjar til sist vil sitte igjen med.