Skriftleg spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:792 (2023-2024)
Innlevert: 22.12.2023
Sendt: 02.01.2024
Svart på: 05.01.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Er midlene staten har gitt fylkeskommunen for gratis ferjer øremerka eller frie inntekter?

Grunngiving

Det er blitt en debatt i Rogaland om tilskuddet fra staten er øremerka til gratis ferger eller gitt som rammetilskudd og del av de frie inntektene.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Regjeringa har lagt til rette for gratis ferjer på fylkeskommunale ferjesamband med under 100 000 passasjerar årleg, samt til øyer og andre samfunn utan vegforbindelse til fastlandet. Fylkeskommunane blir kompenserte gjennom auka overføringar over rammetilskotet. Kompensasjonen er basert på tapte inntekter i den enkelte fylkeskommune ved å innføre ordninga. Kompensasjon tek utgangspunkt i inntektstal frå 2019 som var det siste «normalåret» før koronapandemien.
Rammetilskotet er ein del av dei frie inntektene, som fylkeskommunane disponerer fritt innanfor gjeldande lover og reglar. Staten stiller ikkje krav om rapportering på bruken av dei frie inntektene. Det er fylkeskommunane som har ansvaret for fylkesvegferjene og for finansieringa av ferjedrifta. Den enkelte fylkeskommune kan derfor vurdere korleis ordninga med gratis ferjer skal følgjast opp lokalt, jf. Prop. 115 S (2021-2022).
Regjeringa si målsetting om gratis ferjer til øyer og andre samfunn utan vegforbindelse til fastlandet er klar. Fylkeskommunane mottek kompensasjon for tapte inntekter. Dersom fylkeskommunane likevel byrjar å ta betaling frå passasjerane er det ikkje naturleg at staten skal halde fram med å kompensere tapte billettinntekter. I eit slikt tilfelle vil staten måtte endre finansieringsforma slik at den er i tråd med målet for ordninga. Dette kan til dømes gjerast i samband med behandlinga av revidert nasjonalbudsjett til våren.