Skriftleg spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:551 (2023-2024)
Innlevert: 29.11.2023
Sendt: 29.11.2023
Svart på: 05.12.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselministeren leggje fram ein grundig gjennomgang og dokumentasjon av praksis i dag, gjeldande lovverket og handlingsrommet for dei ulike aktørane, og kva regjeringa har tenkt å gjere med denne utfordringa?

Grunngiving

Det har denne vinteren vore stort fokus på utanlandske vogntog som står bom fast på norske vintervegar, og vert ikkje berga eller fjerna.
Ein ting er at det har mangla bergingsbilar og beredskap ikring dette, eit heilt anna problem er at utanlandske vogntog står rundt omkring i landet på fjellovergangar osv., køyrt fast, utfor vegen men blir ikkje fjerna. Desse vogntoga utgjer trafikkfare og problem for andre vogntog og trafikken generelt, samt skapar fleire farlige situasjonar. I tillegg medfører dette utfordringar for brøytemannskapet. Ellers er det sjølvsagt også eit sosialt problem for sjåføren, som sikkert slett ikkje har det lett.
Eit problem er tydelegvis at ingen vil ta ansvaret for å betale for slik bilberging, politiet tar ikkje ansvar, vegeigar på riksveg dvs. staten tar ikkje ansvar, likeså fylka på fylkesveg. Ansvaret ligg til sjåfør og transportselskap, men dette hjelper lite når desse manglar midlar osv. for å betale for seg for bilberging kan det sjå ut til.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Det er viktig at folk tar omsyn til ver- og føre når dei skal ut på vegane vinterstid. For å sikre framkommelege og trygge vegar, må både trafikantane og styresmaktene bidra.
Trafikantane har ansvar for å sikre framkomme og tryggleik ved eigen køyreåtferd og bruk av riktig utstyr. På vinterføre har bilistane ansvar for at køyretøyet er skodd med vinterdekk. Tunge køyretøy skal ha med kjettingar og bruke desse når det er naudsynt. Bilføraren skal og tilpasse fart og køyreåtferd etter ver- og føretilhøve.
Det er særs viktig at dei tunge køyretøya på vegane våre, både norske og utanlandske, er godt rusta for vinterføre. Kontroll av vinterutrustning er difor prioritert av både vegvesenet og politiet gjennom vinteren. Eg viser til nærare omtale av tunge køyretøy på vinterføre i mitt svar 15. november 2023 på spørsmål 371 frå representanten Sve.
Reglane gjeld uavhengig av kor køyretøyet er registrert. Samstundes er det relativt mange tunge køyretøy som er utanlandsk og nokre av disse vil av ulike årsaker vere utsett for fastkøyring, spesielt når vi har krevjande vinterforhold langs vegane. Årsakene er ofte samansett, men både køyretøyets konstruksjon, førars erfaring med køyring på vintervegar og manglande bruk av kjetting, er ofte sentrale element.
Statens vegvesen har gjennom mange år iverksett fleire tiltak for å betre utfordringane med både norske og utanlandske køyretøy som køyrer seg fast. Mellom anna så er krav i regelverk for vinterutrustning på køyretøya blitt skjerpa, kjettinglommer blir bygde langs vegane og det blir gjennomført informasjonskampanjar som «Trygg trailer» som er et samarbeidsprosjekt med norske bedrifter som kjøper transporttenester.
Vidare er det utarbeida informasjonsmateriell både på papir og på nett («Trucker’s guide») som blir utdelt til utanlandske sjåførar og som inneheld tips om køyring på vintervegar og informasjon om regelverk for vinterutrustning. Denne informasjonen finst på ulike språk.
Når køyretøy likevel køyrer seg fast utan at det har skjedd ei ulykke, så er hovudregelen at fører sjølv sørger for å bestille berging, ofte i samarbeid med eige forsikringsselskap. Under ekstreme vêrforhold eller når førar ikkje viser vilje eller evne til å bestille berging, må styresmaktene sørge for at køyretøyet blir fjerna. Både politiet og statens vegvesen kan fjerne køyretøy under slike forhold.
Statens vegvesen opplyser at dei arbeider for å styrke kapasiteten og gjennomføringsevne til å fjerne køyretøy ved å flytte fullmakta til å fjerne havarerte køyretøy internt i etaten.
Eg viser og til, som eg sa i mitt svar i spørjetimen 22. november på spørsmål 5 frå representanten Sve, at eg har bedt Statens vegvesen om å evaluere hendingane tidlegare i vinter. Statens vegvesen har gjennomført ein intern gjennomgang og konkludert med fleire oppfølgingspunkt.