Skriftleg spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til arbeids- og inkluderingsministeren

Dokument nr. 15:485 (2023-2024)
Innlevert: 19.11.2023
Sendt: 20.11.2023
Svart på: 24.11.2023 av arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Mange bedrifter opplever det som svært komplisert og tidkrevjande å rekruttere arbeidstakarar frå land utanfor EU/EØS-området. Det er stadig lenger ventetid både hos UDI og politiet, og prosessen blir opplevd som oppstykka og lite brukartilpassa, også samanlikna med våre nordiske naboland.
Kva konkrete tiltak vil regjeringa setje inn for å korte ned sakshandsamingstida og gjere det enklare for bedrifter å rekruttere arbeidstakarar frå land utanfor EU/EØS-området?

Grunngiving

På kontaktmøte nyleg mellom stortingsbenken frå Hordaland/Sogn og Fjordane og NHO Vestland, var den stadig meir krevjande situasjonen knytt til rekruttering av personell utanfor EU eit viktig tema.
Rekruttering av kokkar til distriktshotell i Vestland vart brukt som eit døme: Her er det godt dokumentert at det er mangel på kvalifisert personell både i Noreg og stadig vanskelegare å rekruttere kvalifiserte kokkar også i EU/EØS-området, mellom anna på grunn av den svake krona som gjer Noreg til eit mindre attraktivt land enn før å ta seg arbeid i.
Dersom eit hotell først er så heldig å finne kvalifiserte kokkar frå land utanfor EU, er prosessen fram mot å få arbeidsløyve svært lang og omstendeleg. Det er lang ventetid for i det heile tatt å få lov å levere sakspapir til politiet (sterkt varierande frå politidistrikt til politidistrikt). Politiet skal så sende søknaden vidare til UDI, der det for tida er opp til fire månaders behandlingstid. Dersom alt dette går bra, kan arbeidstakaren kome til Noreg, men får ikkje lov å starte i arbeid før det ligg føre opphaldsløyve – ein prosess som også kan ta månadsvis.
Summen av dette er heilt uhaldbar for mange bedrifter, ikkje minst innanfor ei sesongbasert og viktig distriktsnæring som reiselivet. Samtidig veit vi at naboland som t d Danmark har klart å effektivisere dette systemet slik at samla prosess ikkje tar meir enn 14 dagar, og ein har også i Noreg klart å få til særordningar med mykje raskare behandling for sesongarbeidarar i landbruket.

Tonje Brenna (A)

Svar

Tonje Brenna: Behovet for arbeidskraft i Noreg skal hovudsakleg dekkjast gjennom arbeidskraftressursane i den norske befolkninga og arbeidsinnvandringa frå EØS, men det er òg lagt til rette for at arbeidsgjevarar ved behov kan hente inn høgkvalifisert arbeidskraft frå land utanfor EØS (såkalla tredjeland). Samstundes må ein sjå behovet for arbeidskraft frå tredjeland opp mot omsynet til ei kontrollert innvandring. Rekruttering av arbeidstakarar frå tredjeland skal ikkje fortrengje norske arbeidstakarar eller arbeidstakarar frå EØS. Dette er bakgrunnen for at det fyrst og fremst er opna for arbeidsinnvandring av faglærte arbeidstakarar.
Under pandemien blei det innført ei rekkje smitteverntiltak, blant anna innreiserestriksjonar, som førte til at behandlinga av mange søknader om opphaldsløyve blei mellombels stansa. Talet på ubehandla saker auka dermed kraftig under pandemien, samstundes som talet på søknader om opphaldsløyve på grunn av arbeid auka mykje etter pandemien som følgje av høy etterspurnad etter arbeidskraft og av at Storbritannia har forlate både EU og EØS. I 2022 avdekte UDI attpåtil fleire hundre saker der søkjarar la frem falske vitnemål på utdanninga, blant anna falske attestar på kokkeutdanning. Dette aukar kompleksiteten i porteføljen, og dermed òg den samla saksbehandlingstida. Alt dette til saman har ført med seg at ventetida for faglærte har vore lengre enn normalt dei siste åra.
Eg har forståing for at ventetida har vore lenger enn kva næringslivet forventar og at dette er ei ulempe for næringslivet. Samstundes har eg tillit til at UDI, saman med politiet, jobbar for å finne gode tiltak som kan betre saksbehandlingsprosessen og redusere ventetida. Til dømes er det lagt til rette for at arbeidsgjevarar, på vegne av den faglærte, kan søkje om opphaldsløyve utan personleg frammøte hos politiet. Samstundes er det viktig at ei rask og effektiv saksbehandling ikkje svekkjer kontrollnivået. Utlendingsforvaltinga må framleis ha tilstrekkeleg kontroll for å kunne avdekkje saker der personar forsøkjer å skaffe seg opphaldsløyve på feil grunnlag.
Regjeringa har auka den årlege kvoten for faglærte frå 5 000 til 6 000 løyver i 2022 og 2023. Det inneber at opphaldsløyve kan innvilgast til fleire faglærte etter ein forenkla prosedyre utan ei individuell arbeidsmarknadsvurdering av om den aktuelle stillinga kan dekkast av innanlandsk arbeidskraft. Regjeringa har dessutan styrka UDI med 10 millionar kronar i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2023, slik at UDI kan jobbe målretta for å redusere ventetida i faglærtsakene. Midla har blant anna gått til å auke kapasiteten til å behandle slike saker. Det er likevel grenser for kor mykje kapasitet som kan brukast på denne porteføljen utan at det får betydelege konsekvensar for andre viktige saksporteføljer.
Eg er oppteken av at ventetida for faglærte vert korta ned. Ambisjonen er at den totale tida i utlendingsforvaltinga for søknader om opphaldsløyve frå faglærte vert normalisert til om lag 30 dagar, slik ho var før pandemien. Denne forventinga er stilt både til UDI og politiet i deira tildelingsbrev for 2023. Informasjon frå nettsida til UDI viser at den gjennomsnittlege ventetida no er på to månader, og UDI legg til grunn at etaten klarer å redusere ventetida ytterlegare før året er omme.