Skriftleg spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:334 (2023-2024)
Innlevert: 04.11.2023
Sendt: 06.11.2023
Svart på: 13.11.2023 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Kva handlingsrom har kommunestyret som planmynde på planlegging av E39 gjennom kvar enskild kommune?

Grunngiving

Planprosessen for E39 mellom Bokn og Hope er nå i gang. Varaordfører Ruth Grethe Østebøvik Eriksen i Sveio kommune har engasjert seg i spørsmål ved planprosessen angåande E 39 gjennom Sveio kommune.
Denne planen er kommunedelplan og ikkje løyst som statleg plan som andre deler av E39.
I den forbindelse ønsker lokalpolitikerne å vite hvor mye makt de som planmynde har angående for eksempel trasévalg.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Etter plan- og bygningslova er kommunane lokal planstyresmakt, og har kompetanse til å fatte vedtak om planar og planarbeid etter føresegnene om kommunal planlegging. Dette gjeld òg for dei store samferdselsprosjekta, viss ikkje planarbeidet vert gjennomført som statleg arealplan. Kommunane har ansvar for at også nasjonale og regionale interesser blir varetekne i planlegginga.
Plan- og bygningslova § 3-7 tredje ledd har likevel nokre særskilte føresegner for planlegging av større samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur. Styresmakter med ansvar for slike tiltak kan etter samråd med planstyresmakta utarbeide og fremje forslag til arealplan for slike tiltak. Dei kan òg avgjere at slike planar skal leggjast ut til offentleg ettersyn etter føresegnene for den aktuelle plantypen.
Samferdselsstyresmaktene skal samrå seg med planstyresmakta om utarbeiding av planforslag for samferdselsanlegg. Det er føresett at den statlege styresmakta og kommunen drøftar innhaldet i og ansvarsfordelinga for planarbeidet. Den statlege styresmakta har likevel høve til å starte opp planarbeidet sjølv, dersom dei ikkje kjem til semje med kommunen om ansvarsfordeling og planinnhald. Elles gjeld dei vanlege føresegnene om saksbehandling, innhald og verknader for den aktuelle plantypen også for planar som blir utarbeidde etter denne lovføresegna.