Skriftleg spørsmål fra Roy Steffensen (FrP) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:2785 (2022-2023)
Innlevert: 04.08.2023
Sendt: 04.08.2023
Svart på: 11.08.2023 av justis- og beredskapsminister Emilie Mehl

Roy Steffensen (FrP)

Spørsmål

Roy Steffensen (FrP): I lokalavisen Gjesdalbuen kan vi i det siste lese om en lang rekke hendelser av hærverk, innbruddsforsøk og innbrudd i biler og boliger. Den 26. juli skriver avisen at "Flere har meldt fra om mulige innbruddsforsøk på Ålgård den siste tiden, men hendelsene blir ikke etterforsket." Politikontakten bekrefter i artikkelen at forholdene stort sett blir henlagt før de blir etterforsket.
Hvilken signaleffekt mener statsråden at politiet med dette sender til innbyggerne i Ålgård, og til de som står bak de kriminelle handlingene?

Emilie Mehl (Sp)

Svar

Emilie Mehl: Eg har henta inn informasjon frå politiet, som stadfester at det i sommar diverre har vore fleire tilfelle av tjuveri frå bilar og buer på Ålgård. Det går fram at omfanget som er meldt til politiet, ikkje skil seg stort frå førre år. Det er 15 slike saker frå og med 1. juni 2023, samanlikna med 11 saker for tilsvarande periode i 2022.
I samband med episodane som er omtalte i artikkelen representanten viser til, kom ein politipatrulje til staden og undersøkte relevante tilhøve utan at desse gav nokon peikepinn på kven som kunne vere gjerningsperson. I eit intervju med leiar for Sandnes politistasjon, gjengitt i same avis 7. august 2023, strekar politiet under at folk kan vere trygge på at meldingane deira blir tekne på alvor.
Det er ikkje rett av meg som justis- og beredskapsminister å ta stilling til handteringa til politiet i enkeltsaker, men generelt vil eg peike på at det er viktig at politiet også tek kvardagskriminalitet på alvor.
Når ein vurderer kva saker som går vidare til etterforsking, vil det skje med utgangspunkt i sentrale prioriteringar frå Riksadvokaten og lokale prioriteringar frå politimeisteren. For vinningssaker, som er omtalt i reportasjen, inneber det mellom anna at det konkrete alvoret i saka blir vurdert opp mot andre saker som også har behov for etterforskingskapasitet. Det blir i tillegg vurdert om det ligg føre aktuell informasjon og eventuelle spor som kan gi rimeleg sjanse for oppklaring.
Eg gjer merksam på at regjeringa i revidert statsbudsjett for 2023 har styrkt politiet med 550 mill. kroner. Dette er ein historisk stor auke, som vil bidra til å betre kapasiteten i fleire delar av politiet.