Skriftleg spørsmål fra Ola Elvestuen (V) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:2734 (2022-2023)
Innlevert: 30.06.2023
Sendt: 30.06.2023
Svart på: 06.07.2023 av forsvarsminister Bjørn Arild Gram

Ola Elvestuen (V)

Spørsmål

Ola Elvestuen (V): Har forsvarsministeren fått på plass nødvendige avklaringar for å sikre vidareføring av prosjektet «Krigsetterlatenskapers lokalisering og risiko» ved Forsvarets forskingsinstitutt etter juli 2023, slik at ein mellom anna kan få gjennomført nærare undersøking og risikovurdering av dei store mengdene ammunisjon som er påvist dumpa i Osterfjorden i Vestland fylke?

Grunngiving

Forskingsprosjektet Krigsetterlatenskapers lokalisering og risiko ved Forsvarets forskingsinstitutt vart etablert 29. januar 2020 og skal etter planen sluttførast 31. juli 2023.
Prosjektet har avdekka betydelege mengder gamle dumpingplassar for ammunisjon i sjøen langs norskekysten, mellom anna i Osterfjorden i Vestland fylke. På spørsmål frå representanten Alfred Bjørlo i mars 2023 om vidareføringa av prosjektet etter juli 2023, svarte Forsvarsministeren følgjande:

«Moglegheitene for vidareføring og finansiering av forskingsprosjektet som eit samarbeid mellom fleire departement og underliggjande verksemder utover juli 2023 er under utgreiing, og ei avklaring er planlagt før sommaren. Eit eventuelt vidareført prosjekt vil mellom anna vidareutvikle oversikta over lokasjonar med eksplosivforureining, inkludert oversikt/estimat over ammunisjonstypar og mengder.»

På oppfølgande spørsmål frå Venstre i samband med Revidert Nasjonalbudsjett i mai om status for saka, svarte Forsvarsministeren følgjande:

«En videreføring av prosjektet i sin nåværende form vil være avhengig av at det kommer på plass en finansiering utover dette fra aktører utenfor forsvarssektoren. En slik finansiering er så langt ikke kommet på plass. Prosjektet videreføres derfor i utgangspunktet ikke utover juli 2023, men det arbeides fortsatt med å finne løsninger.»

No er det berre ein månad att før prosjektet skal avsluttast, og det hastar med å få på plass dei løysingane som Forsvarsministeren framleis forsikrar om at han arbeider for å finne. Det er viktig både for å få oversikt over potensielle ureinings-bomber til sjøs langs norskekysten generelt, og for å få oversikt over og iverksett tiltak for å sikre og rydde opp dei store avfallsmengdene vi allereie veit er dumpa i Osterfjorden i Vestland fylke.

Bjørn Arild Gram (Sp)

Svar

Bjørn Arild Gram: Forskingsprosjektet Krigsetterlatenskapers lokalisering og risiko ved Forsvarets forskingsinstitutt blir sluttført 31. juli 2023. Forskingsprosjektet Krigsetterlatenskapers lokalisering og risiko II blir igangsett 1. august 2023, med sluttdato 31. juli 2026. Såleis blir prosjektet vidareført ved Forsvarets forskingsinstitutt.
Ei vidareføring av prosjektet i sin heilskap, i samsvar med ønskte ambisjonar, er avhengig av finansiering frå aktørar utanfor forsvarssektoren. Forsvarets forskingsinstitutt arbeider med å finna løysingar for ei slik finansiering.
Forsvarsdepartementet gav Forsvarets forskingsinstitutt oppdrag 9. juni 2023 om å etablera forskingsprosjektet Krigsetterlatenskapers lokalisering og risiko II, innanfor tilgjengeleg finansiell ramme, innretta i første rekkje mot FD og behovet til forsvarssektoren. Den finansielle ramma er Forsvarsdepartementets del av den opphavlege fellesfinansierte og fullverdige vidareføring av Krigsetterlatenskapers lokalisering og risiko. Forsvarets forskingsinstitutt arbeider med å tilpassa ambisjonsnivået og aktivitetar til tilgjengeleg ramme, medan dei parallelt fører vidare dialogen med andre relevante departement og verksemder for finansielle bidrag.