Skriftleg spørsmål fra Ove Trellevik (H) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:2623 (2022-2023)
Innlevert: 22.06.2023
Sendt: 22.06.2023
Svart på: 30.06.2023 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Ove Trellevik (H)

Spørsmål

Ove Trellevik (H): Solbergregjeringa tilskreiv Statsforvaltarane og bad dei være tilbakehaldne med å fremje motsegn i planar der det er brei lokal enighet. Kommunestyret i Lærdal er samrøystes i at dei ønskjer Golfbana.
Korleis ser Statsråden for seg prosessen fram mot vedtak, og når vil et vedtak bli fatta av departementet?

Grunngiving

Plan for ny golfbane i Lærdal skal avgjerast av departementet. Statsforvaltaren tilrår at reguleringsplanen for golfbane på Sløgrandane i Lærdal ikkje vert godkjent grunna konflikt med naturmangfald av nasjonal verdi. Statsforvaltaren i Vestland har motsegn mot planframlegget fordi ein svært verdfull flaummarkskog vil gå tapt dersom golfbana blir bygd på Sløgrandane. Flaummarkskogen er ein av dei største attverande restane i Vestland av denne truga naturtypen, men i området er det rikelig av denne naturtypen langs elva og innover i dalen.
Sidan både kommunen og Statsforvaltaren ikkje kan sjå at ei mekling kan føre fram til ei løysing i saka, har Statsforvaltaren sendt saka til kommunal- og distriktsdepartementet for endeleg avgjerd i August 2022.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Saka gjeld detaljregulering for golfbane og masseuttak på Sløgrandane ved Ljøsne i Lærdal kommune. På grunn av uløyste motsegner frå Statsforvaltaren i Vestland og Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) er saka til handsaming og endeleg avgjerd i Kommunal- og distriktsdepartementet. Etter synfaring og møte med kommunen og motsegnsstyresmaktane i november i fjor ønskte kommunen å jobbe noko vidare med planane, då dei meinte at det kunne gje grunnlag for å løyse motsegna frå NVE. Oppdaterte plandokument og supplerande utgreiingar blei oversendt departementet i februar.
I motsegnssakene ber departementet alltid om fråsegn frå dei ansvarlege fagdepartementa, i dette høvet Klima- og miljødepartementet og Olje- og energidepartementet. Når begge fråsegnene er motteke, vil eg så raskt som mogleg fatte eit vedtak i saka.