Skriftleg spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2384 (2022-2023)
Innlevert: 30.05.2023
Sendt: 30.05.2023
Rette vedkommende: Fiskeri- og havministeren
Svart på: 06.06.2023 av fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren legge fram ei detaljert oversikt over dei berekningsgrunnlaga som er gjennomført for Stad skipstunellen for absolutt alle byggefagområder, dvs. alle entrepriseområder, som er samanliknbare med andre samferdselprosjekt/byggverk, slik som tunelldriving, masseforflytning, sprengning, maskinarbeide, osv, og detaljert sette dette opp med synliggjort forventa prisvekst for dei ulike områda i prosjektet?

Grunngiving

Regjeringa har i revidert statsbudsjett varsla stopp i planane for utbygging av Stad skipstunellen.
Dette er gjort med bakgrunn i berekna sterk prisvekst i prosjektet.
I andre samferdselsområder er det uttalt ein forventa prisvekst på ca. 18-22 % grovt sett i dei ulike prosjektområda. dette pga. auka prisar på står, betong , sprengstoff, drivstoff, strøm og generell auka prisvekst i marknaden.
I Stad skipstunell prosjektet uttalar regjeringa i RNB at kystverket har utarbeidd ein oppdatert kostnads- og usikkerheitsanalyse som estimerar at styringsramma (forventa kostnad) har auka frå 3 450 million kroner til 5 652 million kroner, ein auke på heile 64 %. Kostnadsramma for prosjektet har auka frå 4 090 million kroner til 7 132 million kroner, ein svimlande prisvekst på 74 %.
Kvifor prisveksten skulle være så spesiell i dette prosjektet er uvist og det burde ikkje være så store utfordringar ikring dette prosjektet reint byggeteknisk som skulle føre til reell prisauke på heile 74 %, samtidig med at det er tørke i andre samferdselsprosjekt i regionen og ellers i landet.
Eg vil tru konkurransen for å kunne bygge dette prosjektet ville kunne bli stor.

Bjørnar Skjæran (A)

Svar

Bjørnar Skjæran: Ved handsaminga av Prop. 97 S (2020-2021) Bygging av Stad skipstunnel vedtok Stortinget våren 2021 at Stad skipstunnel kan byggast innanfor ei kostnadsramme (P85) på 4 090 mill. kroner. Styringsramma vart sett til 3 450 mill. kroner.
Som omtalt i Prop. 118 S (2022-2023) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2023, har Kystverket utarbeidd ei oppdatert kostnads- og usikkerheitsanalyse som estimerer at kostnadsramma (P85) har auka frå 4 090 mill. kr til 7 132 mill. kroner (74 pst.) og styringsramma (P50) frå 3 450 mill. kroner til 5 652 mill. kroner (64 pst.).
Auken i kostnadsramma på 7 4 pst. kan delast opp i tre element:

• Byggekostnadsindeksen «vegarbeid i alt» frå SSB som har auka med 23 pst.
• Basiskostnaden for prosjektet som har auka med 27 pst.
• Påslag/avsetningar til usikkerheit i prosjektet som har auka med 25 pst.

Den generelle prisauken i anleggssektoren har vare høg sidan framlegginga av Prop. 97 S (2020-2021 ). Indeksen « Vegarbeid i alt», som bru kast til å berekne endringar i kostnadar for infrastrukturprosjekt, har auka med 23 pst. samanlikna med berekninga som ble lagt til grunn ved framlegginga av prosjektet Stad skipstunnel våren 2021.
Hovudpostane som inngår i basiskostnaden for Stad skipstunnel er knytt til kategoriane veg i dagen, konstruksjonar, sprenging (tunnel), masseflytting (tunnel), fjellsikring, tekniske installasjonar, rigg og drift, entreprenøren si prosjektering, byggherrekostnadar, grunnerverv og andre tiltak. Dei viktigaste forklaringane for auken i basiskostnaden på 27 pst. er oppjustert dimensjonering av konstruksjonar, auka mengder til fjellsikring, korreksjon av prisar for masseflytting og ei ny vurdering av prosjekteringskostnadane for entreprenøren.
Kva gjeld usikkerheita i prosjektet er det nokre trekk ved Stad skipstunnel som taler for større avsetningar til handtering av dette enn for andre store samferdselsprosjekt. Faktorar som taler for større usikkerheit er dimensjonane på tunnelen, utfordringar knytt til kombinasjonen tunnel og sjø, ingen kjende byggestandardar for skipstunnel (av denne storleiken), og at tilsvarande prosjekt aldri har vare bygd før.
Kystverket har under utarbeidinga av kostnads- og usikkerheitsanalysen samt ved utarbeidinga av konkurransegrunnlaget og den tekniske funksjonsbeskrivinga hatt eit tett samarbeid med fagleg ekspertise innanfor dei ulike fagområda. Det blir kontinuerleg arbeidd med optimalisering og risikoreduksjon, for å kunne redusere den føreliggande basiskostnaden og usikkerheita i prosjektet ytterlegare.
Eg kan dessverre ikkje gå inn i ytterlegare detaljar for kvar enkelt av kostnadspostane i prosjektet, da dette vil kunne svekke forhandlingsposisjonen til staten i samband med ein anbodskonkurranse. Ein sladda versjon av kostnads- og usikkerheitsanalysen frå Kystverket er lagt ut på heimesida til Nærings- og fiskeridepartementet.
Regjeringa har på bakgrunn av ovannemnde varsla at Kystverket fram mot statsbudsjettet for 2024 skal vurdere om prosjektet kan gjennomførast til ein lågare kostnad, da det ikkje lenger er sannsynleg å gjennomføre prosjektet innanfor kostnadsramma på 4 090 mill. kroner som Stortinget har vedtatt for igangsetting av prosjektet.
Eg vil understreke at regjeringa med dette ikkje har stoppa prosjektet, men at vi har varsla at vi til ta ein gjennomgang før vi kjem tilbake til Stortinget med eit forslag til vidare handtering av prosjektet i samband med statsbudsjettet for 2024.