Skriftleg spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1931 (2022-2023)
Innlevert: 12.04.2023
Sendt: 12.04.2023
Svart på: 18.04.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselministeren forklare kvifor Statens vegvesen har nedprioritert planlegging og prosjektering av E-39/E-136 frå Breivika til Ørskogfjellet og kvar har planleggingsmidlane til E-136 blitt av?

Grunngiving

I muntleg spørjetime den 12/4 hadde eg eit spørsmål til samferdselsministeren kvifor Statens vegvesen ikkje hadde prioritert planlegging og prosjektering av E-39-E-136 frå Breivika til Ørskogfjellet.
Direktøren i Statens vegvesen viser til at ein ynskjer å ta dette vegsystemet heilt ut av NTP med bakgrunn i manglande planlegging, og at ein derfor ikkje vil ha dette i NTP.
Dagens samferdselsminister er ansvarleg for dagens Statens vegvesen, og det er derfor reelt å stille spørsmålet til samferdselsministeren ang. kvifor Statens vegvesen har brukt heile 100 mill. kr på planlegging av Møreaksen, eit prosjekt som folket og næringslivet i store delar av Møre og Romsdal IKKJE vil ha.
Derimot vil alle både fylkestinget, kommunane, NHO, LO og alt av næringsliv i heile fylket at E-136 frå Ålesund til Bjorli blir planlagt og realisert og har prioritert denne exportvegen som nr 1 i svært lang tid, tydelegvis til inga nytte.
Statens vegvesen beviser det eg har hevda lenge, at statens vegvesen har bevist nedprioritert og trenert planlegging og prosjektering av E-136 frå Ålesund til Bjorli.
Statens vegvesen har opptredd som ein "stat i staten" og turar på med sitt heilt i utakt med befolkninga og næringslivet i Møre og Romsdal.
Folk og næringslivet i Møre og Romsdal er i sjokk etter at Statens vegvesen forelsår å ta denne exportvegen og "dødsvegen" heilt ut av NTP. Dette er fylkes mest trafikkerte veg og desidert fylkets viktigaste veg.
Når Nye veier as tok over ansvaret for E-136 frå Vestnes til Bjorli, tok dei over eit vegområde der svært lite planlegging og prosjektering var gjennomført, samt at det som var gjennomført spesielt på Brustugelia var så mangelfullt at arbeidet må gjerast på nytt.
Statens vegvesen har med andre ord flytta det meste av planleggingsressursane over til Møreaksen heilt i strid med det alle nivå i fylket har prioritert i svært lang tid. Statens vegvesen har ikkje brydd seg med kva fylkestinget, kommunane, NHO, LO og alt av næringsliv i fylket har prioritert på topp som nr 1, men på eiga hand prioritert slik dei i Statens vegvesen på Molde har funnet for godt.
Det blir derfor for enkelt av samferdselsministeren å peike på tidligare regjeringar og planlegging, samferdselsministeren har brukt 100 mill. kr på Møreaksen, og nedprioritert E-136.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Statens vegvesen held på med planlegging etter plan- og bygningslova på heile strekninga E39/E136 Breivika-Ørskogfjellet i Ålesund kommune og E39/E136 Ørskogfjellet-Vik i Vestnes kommune. Arbeidet med planlegging etter plan- og bygningslova vart starta etter at Samferdselsdepartementet beslutta konsept for E39 Digernes-Vik i 2019. Planlegginga blir gjort i samarbeid med dei aktuelle kommunane og andre offentlege etatar.
Eg viser til svar på skriftelege spørsmål nr. 1588 (2021-2022) og nr. 411 (2022-2023), begge frå representanten Sve, om planlegging og fordeling av ansvar mellom Statens vegvesen og Nye Veier AS på E136. Nedanfor er ei oppdatering av status for planlegginga på dei einskilde strekningane på E39/E136 mellom Breivika i Ålesund kommune og Tresfjordbrua i Vestnes kommune:

• E39/136 Breivika-Digernes: Det er meldt planoppstart for reguleringsplan i januar 2023. Det er kome inn om lag 30 utsegner til varselet. Statens vegvesen har eit godt samarbeid med Mattilsynet, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og Ålesund kommune om kartlegging og prøvetaking for å sikre vasskvaliteten i Brusdalsvatnet.
• E39/E136 Digernes-Ørskogfjellet: Det vart i 2021 meldt oppstart av reguleringsplanarbeid på denne strekninga. Fleire av innspela i høyringa peika på alternative traséar som ein ynskte skulle vore teken inn i planarbeidet. Arbeidet med reguleringsplan vart difor stansa. Det blir no laga eit planprogram for kommunedelplan. Det er kome inn 37 merknadar til planprogrammet. Desse blir vurdert når det blir laga endeleg planprogram.
• E39/136 Ørskogfjellet-Vik: Det blir laga reguleringsplan på strekninga. Plana har vore på to høyringar, då ein har gjort nokre vesentlege endringar i planforslaget i tråd med merknadar som kom inn i den første høyringa.
• E39/136 Ørskogfjellet-Tresfjordbrua: Det blir laga ei detaljregulering av skredsikring for Ryggefonna på dagens E39/E136 i Skorgedalen i Vestnes kommune. Denne vegen vil fortsette som E136 når E39 blir lagt om som ferjefri veg over Romsdalsfjorden.