Skriftleg spørsmål fra Erlend Wiborg (FrP) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:1549 (2022-2023)
Innlevert: 01.03.2023
Sendt: 02.03.2023
Svart på: 08.03.2023 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Erlend Wiborg (FrP)

Spørsmål

Erlend Wiborg (FrP): Hvordan vurderer statsråden reglene knyttet til vertskommunesamarbeid og mulighet til medvirkning når det skal foretas ansettelser?

Grunngiving

Kommune X og Kommune Y har inngått et administrativt vertskommunesamarbeid der kommune X er vertskommunen. Siden oppstarten i 2003 har det vært praksis at samarbeidskommunen deltar sammen med vertskommunen i intervju og tilsetting når nye medarbeidere skal ansettes. Kommune X frykter at denne praksisen er i strid kommunelovens regler om administrativt vertskommunesamarbeid og vil derfor at praksisen med at kommune Y deltar i intervju og tilsetting opphører. Kommune Y mener at dette er etablert praksis og innenfor det de to kommunene kan gjøre av egne vurderinger og skjønn.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Eg kan ikkje ta stilling den konkrete saka, men kan seie noko om dei generelle føresegnene om vertskommunesamarbeid i kommuneloven.
I eit administrativt vertskommunesamarbeid kan ein kommune (samarbeidskommune) avtale med ein annan kommune (vertskommune) at denne vertskommunen skal utføre nærare bestemte oppgåver og treffe visse vedtak. Reglane for vertskommunesamarbeid følgjer av kommuneloven kapittel 20. Det er kommunedirektøren i vertskommunen som i slike høve har personalansvaret for dei tilsette, inkludert ansvaret for gjere tilsettingar. Kommunedirektørens personalansvar og myndigheit til å tilsette følgjer av kommuneloven § 13-1 sjuande ledd. Medarbeidarane i vertskommunen som arbeider med dei områda som samarbeidet gjeld, vil vere tilsette i vertskommunen og vil vere underlagd kommunedirektøren i vertskommunens styringsrett. Samarbeidskommunane kan ikkje gripe inn i kommunedirektørens alminnelege styringsrett som arbeidsgjevar. Det vil seie at sjølve tilsettingane er kommunedirektøren i vertskommunen sitt ansvar.
Kommuneloven regulerer ikkje om deltakarkommunane kan få vere til stades og ha innsyn ved tilsettingar i vertskommunen. Eg kan difor ikkje sjå at kommuneloven er til hinder for dette, så lenge det er klart at det er vertskommunen sjølv som avgjer den konkrete tilsettinga og har det laupande personalansvaret. Innsyn i vertskommunens verksemd kan regulerast nærare i samarbeidsavtalen.