Skriftleg spørsmål fra Tage Pettersen (H) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:1408 (2022-2023)
Innlevert: 17.02.2023
Sendt: 20.02.2023
Svart på: 23.02.2023 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Tage Pettersen (H)

Spørsmål

Tage Pettersen (H): I Hurdalsplattformen står det at: «En av regjeringens viktigste prosjekter er en tillitsreform i offentlig sektor.»
Hvilke konkrete initiativ har statsråden tatt innenfor sitt ansvarsområde, og hvilke konkrete resultater kan statsråden vise til etter snart halvannet år i regjering?

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Tillitsreforma er eit av satsingsområda til Regjeringa for å fornye og utvikle offentleg sektor. Høg tillit innanfor offentleg sektor er viktig, både for kvaliteten på tenestene og for effektiviteten. Eg har i 2022 gjennomført innspelsmøte med verksemdene under Barne- og familiedepartementet og fagorganisasjonar i sektoren. Desse innspela blir vurdert i det vidare arbeid med tillitsreforma på barne- og familiedepartementet sitt område. Eit tydeleg innspel, som eg også er einig i, er at tillitsreforma på dette området skal byggje opp under barnevernsreforma sitt mål om å vere ein oppvekstreform som styrkjer det tverrfaglege samarbeidet rundt barn og familiar.
Eg har vidare formidla styringssignal og oppdrag til alle verksemdene mine i tildelingsbreva for 2023. Der har eg kommunisert at målet med tillitsreforma er å auke handlingsrommet og gi meir fagleg fridom til førstelinja i staten og i kommunesektoren, slik at offentleg sektor samla sett blir meir brukarvennleg. Innhaldet i reforma skal skapast i tett samspel med brukarorganisasjonar, tillitsvalde og leiinga i alle offentlege verksemder. Arbeidet skal i hovudsak skje etter initiativ frå lokalt hald. Reforma skal medverke til at utprøving i større grad enn i dag blir brukt som metode for å levere tenester med god kvalitet. Departementet ber i tildelingsbreva verksemdene å vurdere tiltak innanfor eige ansvarsområde som kan inngå som del av tillitsreforma, under dette nye forsøk og pilotar. Bufdir skal mellom anna særskilt vurdere ein pilot i det statlege barnevernet.
Departementet har òg i arbeidet med tildelingsbreva for 2023, gått gjennom krava om rapportering og dokumentasjon for å fjerne unødvendige krav.
Arbeidet er såleis godt i gang, men det er for tidleg å seie noko om resultata av tillitsreforma på mitt område no.