Skriftleg spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1168 (2022-2023)
Innlevert: 25.01.2023
Sendt: 30.01.2023
Svart på: 08.02.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren bekrefte at Statens vegvesen region midt har forbrukt midlar til grunnkjøp i prosjektet Møreaksen, beløp og kven som har gjeve løyve til dette?

Grunngiving

Det er kome fram informasjon som hevdar at Statens vegvesen region midt, har brukt midlar til grunnerverv i samband med prosjektet Møreaksen.
Dette prosjektet ligg langt bak i køa for store samferdselsprosjekt her i landet, og har ikkje vorte endeleg behandla for oppstart i Stortinget.
Dei byggeklare store samferdselsprosjekta slik som E-134 Oslofjordforbindelsen, E-134 Saggrenda-Elgsjø, E-134 Røldal-Seljestad, E-16 Hylland-Sløen, og E-6 Megården- Morsvikbotn, er utsatt på ubestemt tid av regjeringa.
Mykje tyder på at både prosjektering og framdrift er i stampe i desse prosjekta med bakgrunn i manglande løyvingar over statsbudsjettet til dette.
Dette er dei fem topprioriterte prosjekta i heile landet, som altså ikkje frå nødvendige planleggingsmidlar for vidare framdrift. Vi stilte spørsmål om kva dei ulike prosjekta måtte ha for nødvendig framhald i planlegging og prosjektering i 2023, og departementet har synleggjort dette for kvar av prosjekta.
Samla er dette 715 mill. kr for 2023 som regjeringa ikkje har løyvd. I tillegg har regjeringa kutta heile 30 % av planleggingsportefølja til Statens vegvesen, der direktør i STVV varslar ytterlegare kutt i planlegging av veg i 2023 over heile landet.
Samtidig opplever vi at svært store summar blir forbrukt av Vegdirektoratet gjennom Statens vegvesen til prosjekt som ligg langt bak i køa, og slett ikkje på nokon som helst måte verken er prioritert eller byggeklare.
Døme på dette er ukritisk pengebruk av skattebetalarane sine pengar på prosjektet Møreaksen i Møre og Romsdal, eit prosjekt til mange titals milliard kr i ei fjordkryssing for kun 2 300 bilar i døgnet. Det høyrer med til historia at dette prosjektet vil heller ikkje folket ha.
Frå før har det blitt forbrukt millionbeløp til planlegging av Møreaksen i 2022, pengebruk på eit prosjekt som overhode ikkje verken er eller blir byggeklart på lang, lang tid.
No vert det også hevda at det same Vegdirektoratet via Statens vegvesen region midt har brukt midlar til grunnkjøp på Møreaksen, eit prosjekt som overhode ikkje er vedteke skal byggast.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: I Nasjonal transportplan (NTP) 2022-2033 var det prioritert til saman 26 store vegprosjekt i Statens vegvesens portefølje av store prosjekter i første seksårsperiode, jf. Innst. 653 S (2020-2021) og Meld. St. 20 (2020-2021). Statens vegvesen har som oppgåve å sikre at prosjekta blir planlagd og førebudd for bygging. E39 Ålesund-Molde er omtalt som eitt av prosjekta med oppstart i første seksårsperiode av gjeldande NTP 2022-2033. NTP 2025-2036 er under førebuing og vil bli lagt fram for Stortinget i 2024. Det er vedtekne reguleringsplanar for deler av strekninga.
I svar på spørsmål 828 (2022-2023) frå representanten Sve, viste eg at det er nytta midlar til mellom anna grunnerverv i prosjektet E39 Ålesund-Molde. Dei eigedommane som er løyst inn er omregulert til vegformål i vedtekne reguleringsplanar. Då kan ei innløysing gjere det enklare for grunneigaren å omstille seg, anten det er private eller verksemder. Private bustader som eigaren nytter sjølv som bustad har Statens vegvesen krav om å løyse inn, jf. Plan- og bygningslova. Eigedommane som er erverva omfattar både private bustader, næringseigedom, hytte og eit tidlegare militært skytefelt. Dei fleste eigedommane har vore tilgjengelege i marknaden. Samla er det kjøpt eigedommar for i underkant av 40 millionar løypande kronar i prosjektet E39 Ålesund-Molde.
Eg styrer ikkje kva prioriteringar Statens vegvesen gjer av ressursar til planlegging innanfor dei løyvingane som er gitt av Stortinget. Eg viser til at Samferdselsdepartementet/Statens vegvesen har fullmakt til å forplikte framtidige budsjettår for 750 mill. kr for grunnerverv, forberedande arbeider og planlegging av prosjekter over 1 mrd. kr.