Skriftleg spørsmål fra Marte Eide Klovning (A) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:639 (2022-2023)
Innlevert: 06.12.2022
Sendt: 07.12.2022
Svart på: 14.12.2022 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Marte Eide Klovning (A)

Spørsmål

Marte Eide Klovning (A): Hvordan vil statsråden følge opp den økonomiske forventning som Moster 2024 har gitt uttrykk for?

Grunngiving

Moster 2024 skal markere 1000-årsjubileum for innføringen av Kristenretten ved Olav den hellige.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Mostratinget i 1024, kalla saman av Olav Haraldsson og biskop Grimkjell er ei av dei hendingane i historia som førte til ei samfunnsomvelting. Markeringa på Moster i 2024 er viktig fordi ho markerer innføringa av kristenretten som rettsgrunnlag for det norske samfunnet. Innføringa av kristenretten markerte byrjinga på ei ny tid, med sterkare menneskelege omsyn og rettsvern for individet.
Regjeringa vil på egna måte ta ansvar for at Moster 2024 får den finansieringa dei treng i 2023 for å gjennomføre denne sentrale jubileumsmarkeringa som planlagt. Eg viser også til møte eg nyleg hadde med Moster 2024 om finansieringsbehov for 2024, noko eg også vil arbeide for å sikre.