Skriftleg spørsmål fra Olve Grotle (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:709 (2021-2022)
Innlevert: 17.12.2021
Sendt: 17.12.2021
Svart på: 03.01.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Olve Grotle (H)

Spørsmål

Olve Grotle (H): RV Naustdal-Erdal er ein svært rassutsett strekning, og vegen var på ny stengt den 15. desember. Ny trafikksikker tunell ligg inne i NTP med oppstart i første perioden, og Statens vegvesen har sett i gang arbeidet med å få fastsett den nye traseen. Dette arbeidet har nå stoppa opp pga. ein "skrivefeil" om kostnaden, og ingen veit kor tid arbeidet blir sett i gang igjen.
Vil statsråden sørge for at planleggingsarbeidet med ny trafikksikker Rv Naustdal-Erdal straks blir starta opp igjen?

Grunngiving

I NTPen som blei behandla av Stortinget i sommar ligg Rv5 Naustdal-Erdal inne, og med oppstart i første del av NTP-perioden. Dette er eit rassikringsprosjekt, kor ein endeleg skal få ein trygg veg mellom Florø og Førde. Statens vegvesen har ei tid arbeidd med den nye traseen, og denne skal behandlast og vedtakast av Sunnfjord kommune.
I Firda av 17. desember står det at prosjektet nå står i stampe, og at saka nå ligg «i ein eller annan skutt, anten i Vegdirektoratet eller Samferdsledepartementet. Kor lengde den blir liggande der, veit ingen.»
I følgje Firda er bakgrunnen for at saka har stoppa heilt opp ein skrivefeil. Dette slik at det i NTP er lagt til grunn at prosjektet har ein kostnad på kr 2.1 mrd., medan Statens vegvesen meiner den vil koste 2,5 mrd.
Sidan saka nå har stoppa opp misser ein nødvendig og verdifull tid til å behandle og gjere ferdig kommunedelplan og reguleringsplan. Det er derfor nødvendig at Samferdsledepartementet skjerer i gjennom, og gir beskjed om at arbeidet kan halde fram.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Planlegging av skredsikringsprosjektet rv. 5 Erdal-Naustdal har ikkje stoppa opp, men har teke lengre tid enn det Statens vegvesen har gitt signal om. Dette skuldast avklaring knytt til kostnad for prosjektet.
I samsvar med Samferdselsdepartementet sitt krav til kostnadsstyring skal Statens vegvesen avklare kostnad før prosjektet kan handsamast av Sunnfjord kommune. Det siste anslaget frå Statens vegvesen har kostnad som er høgare enn det anslaget som er vist i Meld. St. 20 (2020-2021) Nasjonal transportplan 2022-2033. Kostnadstalet i Meld. St. 20 var basert på innspel frå Statens vegvesen, og det har vore naudsynt å avklare både dette og andre rammer for prosjektet. Sunnfjord kommune har blitt varsla om denne forseinkinga i eit brev som vart oversend tidleg i oktober.
Statens vegvesen jobbar no med ny søknad til Samferdselsdepartementet om fastlegging av økonomiske rammer.